Mandag 12. november gjekk startskotet for NRKs storsatsing, spørrekonkurransen Klassequizen.
310 skuleklassar over heile landet meldte seg på. Dei har gjennom vinteren konkurrert mot kvarandre på fylkesnivå. Konkurransen har vore sendt i distriktssendingane på radioen.
- RESULTATSERVICE: Korleis gjekk det med ditt lag?
Feira med svele og brus
Smøla ungdomsskule jublar i lokala til NRK Møre og Romsdal.
Foto: Ivar Lid Riise / NRKI Troms var det Eidebakken skole frå Lyngen som gjekk sigrande ut av semifinalen.
Team Eidebakken frå Troms.
Foto: Rune Nordgård Andreassen– Det var ei utruleg god kjensle, seier Charlotte Christensen.
– No blir det spennande å sjå korleis nivået er på dei andre laga, seier Markus Skogheim.
TV-sendt finale
Vuku oppvekstsenter er klare for tur til Oslo.
Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRKDei 19 fylkesvinnarane har alt vunne 5 000 kroner til klassen sin. Laurdag 4. mai skal dei møtast i den store finalen i Oslo.
Landsfinalen blir sendt på riksdekkande TV i beste sendetid, med programleiar Solveig Hareide.
– Eg har aldri vore på TV, så det er kjempespennande. Og så er det artig å sjå korleis eit TV-program blir laga, seier Julie Bjørken.
Her er finalistane:
- Finnmark: Vestre Jakobselv skole
- Troms: Eidebakken skole
- Nordland: Kabelvåg ungdomsskole
- Nord-Trøndelag: Vuku oppvekstsenter
- Sør-Trøndelag: Sverresborg skole
- Møre og Romsdal: Smøla ungdsomsskule
- Sogn og Fjordane: Førde ungdomsskule
- Hordaland: Knarvik ungdomsskule
- Rogaland: Grødem skole
- Vest-Agder: Fiskå ungdomsskole
- Aust-Agder: Valle skule
- Telemark: Drangedal 10-årige skole
- Vestfold: Gjøklep ungdomsskole
- Buskerud: Eknes ungdomsskole
- Oppland: Søndre Land ungdomsskole
- Hedmark: Hedemarken friskole
- Oslo: Midtstuen skole
- Akershus: Aursmoen skole
- Østfold: Rødsberg ungdomsskole