- Eg fekk tatt med meg det viktigaste, pc, mobilar og bank id- slik at eg får betalt rekningar, seier Kjetil Kristensen til NRK.
Saman med 10-15 andre fekk Kjetil Kristensen søndag føremiddag komme heim i huset sitt i Kattmarkvegen, nord for rasstaden.
Kom sjøvegen
Huseigarane kom med båtar og gjekk opp frå den andre sida av neset som ligg i rasområdet.
I den første båten kom fire huseigarar. Båten la til litt land litt over klokka 1100 søndag føremiddag. Dei fire bebuarane gjekk tause opp til bustadane sine saman med politiet og heimevernet. Dei passa på at ingen gjekk utanfor sperringane som var sett opp i området.
Les:
- Det dei fekk ta med seg, måtte kunne berast ned igjen til båten. Dei fekk ikkje ta med seg store ting, men fylte opp ryggsekkar og plastposar. Ein køyrde sakene sine i ei trillebår. Sivilforsvaret og Heimvernet hjalp til med å frakte utstyret, seier reporter Stian Arnesen som er i Namsos.
Journalistane som var på plass, slapp ikkje innanfor sperringane som var sett opp rundt husa.
Fekk ikkje vatne blomstrane
Det var berre ein person frå kvar bustad som fekk gå inn i huset for å hente det dei trong. Kjetil Kristensen hadde fått eit oppdrag frå kona før han reiste.
- Eg fekk beskjed om å vatne blomastrane, men det fekk eg ikkje til, for det var ikkje vatn i huset, seier Kjetil Kristensen.
Gjorde du noko praktiske ting i huset?
- Ja, viss vi kjem tilbake vil vi ikkje at det skal vere skadar grunna råtne kle og mat, så eg fekk ordna det, legg han til.
Utover dagane fekk huseigarane i området få høve til å hente det dei trong i husa sine.
Fekk flytte heim
Fleire av dei som blei evakuerte etter raset fekk flytte heim søndag, men fleire ville ikkje dra heim. Merethe og Yngve Vikan drog heim til huset sitt i Fiolveien, sjølv om dei ikkje føler seg trygge.
- Det blir ikkje behageleg å bu her no, seier dei til NRK.
I alt åtte av 21 husstandar som blei evakuerte fekk klarsignal til å flytte heim søndag, melder NTB.
Yngve og Merethe Vikan.
Foto: Irene Næss-PedersenFredag 13. mars
Det var like før klokka 1200 fredag 13. mars at fleire hus og hytter i Kattmarka nordvest for Namsos blei tatt av eit stor leirras. Utruleg nok blei ingen verken drepne eller skadd i raset.
Les også:
Politi, ambulansepersonell og brannvesen var kjapt på staden, og var vitne til enorme øydeleggingar og skadar. Fleire hus låg og dyppa i fjorden og fleire menneske sat fast i gjørma.
Les også:
Samanheng med vegarbeid
Statens vegvesen stadfesta under ein pressekonferanse i Namsos laurdag ar det er ein samanheng mellom vegarbeidet og raset.
– Vi er ansvarleg for anleggsarbeidet i Kattmarkveien. Det er ein samanheng mellom dette arbeidet og raset, seier fungerande regionsjef Knut Nauste i Statens vegvesens region midt.
Les også:
Kor klar denne samanhengen er, skal ein ekstern gjennomgang avklare.
– Vår rolle er å gå gjennom og finne fram dokumentasjon om kva som er gjort for å undersøke dette området. Vi skal fremskaffe data slik at dei eksterne kan sjå om vi har oppfylt dei krav som har vore stilt før dette arbeidet starta, seier Nauste.
Kystvaktskipet Njord held vakt på fjorden.
Foto: Irene Næss-PedersenTøff tid, men vil tilbake
For familien Kristensen har det vore nokre tøffe dagar etter raset gjekk på fredag føremiddag.
- Det har vore litt stress og litt kort lunte hos enkelte i familien, men no begynner vi å få kontroll, seier Kristensen.
Han og resten av familien har fått beskjed om at dei ikkje får komme heim før etter sommaren, men han er heilt klar på at han vil og tør å flytte tilbake.
- Det er norges beste gologar som no gjer undersøkingar her og vi trur at det blir trygt.
Stolar du på dei?
- Ja, vi vil tilbake, legg Kristensen til.