NRK Meny
Normal

Helsesjekk skal sikre at maten er trygg

Mattilsynet veit først i neste veke om kugalskap er påvist på ein gard i Nord-Trøndelag. Omfattande overvaking av storfe i Noreg skal sikre at det er trygt å ete maten som kjem frå dyra.

Helsetjenesten for storfe sjekker dyra en gang i året - for å passe på at de er friske.

Mattilsynet ventar spent på dei siste prøveresultata som skal gi svar på om ei ku i Nord-Trøndelag hadde kugalskap, og om sjukdomen kan ha spreidd seg til fleire gardar.

Sjekkar helsa til dyra ein gong i året

Kyr

Desse kyrne var i toppform, og hadde ingen teikn til sjukdom.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Samtidig blir det drive kontinuerleg overvaking av storfe for å sikre at det er trygt å ete kjøttet og drikke mjølka.

Kolbjørn Nybø er veterinær i Helsetenesten for storfe i Tine, og han drar rundt for å sjekke helsa til dyra.

Torsdag var han på garden til Harald Dalheim, som er mjølkeprodusent i Skogn i Levanger.

Minst ein gong i året blir helsa til dyra undersøkt, for å sikre at maten som blir levert, er trygg. Denne typen overvaking er systematisk over heile landet. Veterinæren ser på kalvane og dei vaksne dyra, sjekkar korleis dei har det, og om mjølka er bra.

Ønskar inspektøren velkomen

Harald Dalheim, Skogn

Harald Dalheim er mjølkebonde på Skogn.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Bonde Harald Dalheim syns det er heilt greitt å få inspeksjon i fjøset.

– Sunne storfe er eit viktig konkurransefortrinn for norsk landbruk, seier han.

Han vart overraska da han fekk høyre at det er mistanke om kugalskap hos ei nordtrøndersk ku.

– Samtidig er eg ikkje veldig uroa, i alle fall ikkje på eigne vegner. Systemet her i landet er så godt at det eigentleg ikkje skal vere nokon risiko for å få kugalskap, seier Dalheim.

Til dømes vart det lovpålagt å merke kvart einaste storfe i Noreg i 2001. Denne lova kom etter epidemien med kugalskap i Storbritannia.

Friske kyr

Kolbjørn Nybø

Veterinær hos Tine, Kolbjørn Nybø.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Undersøkingane til veterinær Nybø viser at kyrne til Dalheim er friske. Overvakinga av storfe gjennom mange år har vist at norske dyr jamt over har lite sjukdom.

– Særleg når det gjeld smittsomme sjukdomar er vi i ein unik situasjon, seier Kolbjørn Nybø.

Men det kjem ikkje av seg sjølv. Godt tilsyn og dyktige bønder må til – som på garden i Skogn.

Veterinæren skryt av helsa til dyra.

– Det er òg lite sjukdomsbehandling, det er eit godt teikn, seier han.

Den gode attesten frå inspektøren gjer bonden på Skogn stolt.

– Det er artig å kunne seie at vi leverer gode råvarer til norske forbrukarar, seier Harald Dalheim.

Video fra Trøndelag

Det er julebordstid, og uhell kan skje, skal vi tro tannlegene...
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.