Helseministeren om sprengt sjukehuskapasitet: – Forstår det er krevjande

Fleire norske sjukehus har fullt opp på intensivavdelingane og høgt sjukefråvær blant tilsette. No kommenterer helse- og omsorgsministeren situasjonen.

Helsepolitisk talskvinne for Arbeiderpartiet, Ingvild Kjerkol

FULL FORSTÅING: – Fleire sjukehus opplever stort press no, og eg har stor forståing for at dette er svært krevjande for tilsette, pasientar og pårørande, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrk

– Fleire sjukehus opplever stort press no, og eg har stor forståing for at dette er svært krevjande for tilsette, pasientar og pårørande.

Det seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

St. Olavs hospital har mange utskrivingsklare pasientar. I tillegg har dei rekordmange innlagde koronapasientar og høgt sjukefråvær blant dei tilsette.

Måndag innførte St. Olavs hospital nye tiltak for å få kontroll på situasjonen.

Nedgang i utskrivingsklare pasientar

– Det er viktig at situasjonen er handterleg, og at helse- og omsorgstenesta ikkje blir overbelasta. Vi følgjer situasjonen dag for dag og vil setje inn strengare tiltak dersom det blir nødvendig, konstaterer helseministeren.

Helse- og velferdsdirektør Wenche Dehli beskriv situasjonen som krevjande.

– Det er fullt på sjukehuset. Det er mange med infeksjonssjukdommar. Det er også belasta i dei kommunale helsetenestene, fortel ho.

Wenche Dehli, helse- og velferdsdirektør i Trondheim kommune

– KREVJANDE: Helse- og velferdsdirektør i Trondheim, Wenche Dehli.

Foto: Marita Solheim / NRK

Talet på utskrivingsklare pasientar ved St. Olavs hospital har variert ein stad mellom 20 og 40. Det nådde ein topp i starten av november, då St. Olavs hospital heva beredskapen.

– No er det atskilleg færre. Det er ein tredjedel av det vi hadde i førre veke, seier Dehli til NRK.

Ifølge kommunikasjonsdirektør Marit Kvikne ved St. Olavs hospital, står Trondheim kommune for flest utskrivingsklare pasientar. Men det er også pasientar frå Frøya, Hitra, Melhus, Midtre Gauldal, Skaun og Ørland.

Fleire sjukehus slit

St. Olavs hospital i Trondheim er ikkje dei einaste som har utfordringar.

Akershus universitetssykehus har ti intensivplassar, men hadde måndag 18 intensivpasientar.

Oslo universitetssykehus har fått i oppdrag å ta hand om koordinering av intensivbehandling i regionen, som sjukehuset også har gjort i periodar tidlegare under pandemien.

– I den akutte situasjonen akkurat no forventar eg at helseregionane og sjukehusa gjer løpande vurderingar av om det er behov for å auke intensivkapasiteten eller andre tiltak for å sikre forsvarleg drift, seier Kjerkol.

St. Olav utset planlagde operasjonar

Måndag varsla St. Olavs hospital at dei utset alle planlagde operasjonar som krev innlegging og kan vente.

– Vi tar sjølvsagt ei grundig medisinsk vurdering av om det er forsvarleg å utsette, fastslår sjukehusdirektør Grethe Aasved.

– Eg har forståing for at det er ei belastning å få utsett eit planlagt inngrep. Samstundes er det viktig å understreke at det berre er dei operasjonane som kan vente, som blir utsette, seier Kjerkol.

Reduksjonen i aktivitet omfattar ikkje kreftpasientar, barn og akutthjelp.

– Dette er faglege vurderingar som sjukehuset gjer. Operasjonar som hastar blir framleis gjennomførte, understrekar helseministeren.

Vil utdanne fleire intensivsjukepleiarar

Helseregionane har i år fått i oppdrag å utdanne fleire intensivsjukepleiarar.

Det skal opprettast minst 100 nye utdanningsstillingar i intensivsjukepleia.

I Støre-regjeringa sitt forslag til endringar av statsbudsjettet er det føreslått å auke driftsbevillingane til sjukehusa med til saman 700 millionar kroner meir enn Solberg-regjeringa.

Dei føreslår også å løyve 50 millionar kroner i ein rekrutteringspakke blant anna til å etablere nye utdanningsstillingar for spesialsjukepleiarar og jordmødrer.