NRK Meny
Normal

Har tatt vare på 77 år gammalt flagg frå ei av Noregs verste jernbaneulukker

Under krigen skjedde ei av dei verste ulukkene i Norges jernbanehistorie i Hommelvik, i Sør-Trøndelag. I dag vart eit flagg frå ulukka overlevert til Bane NOR.

Ulukke Hommelvik 1940

Over 500 personar var involvert i ei av Noregs største togulukker, i Hommelvik i Sør-Trøndelag, hausten 1940.

Foto: Privat album

Tidleg tysdags morgon 19. november 1940 kolliderte to tog. I kollisjonen rett nord for Hommelvik stasjon i Sør-Trøndelag omkom 22 personar, og 45 vart skadd. No er eit konduktørflagg frå ulukkesdagen overlevert til Bane NOR.

– Det var far min som fann det på vårparten, så det har nok låge i snøen etter ulukka. Han tok vare på flagget, og gav meg ei orientering då eg var liten om at det stamma frå togkollisjonen, fortel Trond Svingen, som i dag gav flagget vidare til dets rettmessige eigar.

Konduktørflagg frå krigen

Her overleverer Trond Svingen eit grønt konduktørflagg som var på eit av toga frå ulukka i Hommelvik 1940.

Foto: Magnar Brandseth / NRK

Kommunikasjonsrådgivar hos Bane NOR, Stig Herjuaunet, takkar for flagget og fortel at det i første omgang skal stillast ut saman med bilete og tekst på Bane NOR sitt kontor i Trondheim.

Vil låne vekk flagget til bygdene som vart ramma

Herjuaunet fortel at dei ikkje vil vere framand for å låne ut flagget til lokallaga i Meråker og Kopperå, då det var her ulukka ramma hardast. På minnesmerket ved Nygården i Hommelvik fortel han om kva som skjedde 77 år tilbake i tid.

– Det var to tog som braka saman på morgonen. Det eine var eit arbeidstog frå Trondheim med 500 arbeidarar som var på veg til Værnes for å jobbe på flyplassen for tyskarane.

Togulukke Hommelvik 1940

To tog krasja i Hommelvik 19. november 1940. 22 personar omkom og 45 vart skadd.

Foto: Privat album

– Det andre var eit pendlertog frå Kopperå med 70 passasjerar. Toget som skulle til Værnes reiste for tidleg frå Hommelvik, noko som enda i ei av Noregs verste jernbaneulukker, fortel Herjuaunet.

Av dei 22 omkomne var 11 personar frå Kopperå og 9 kom frå Meråker.

– Det var i desse bygdene at tapet var størst. I Meråker hadde dei ei felles gravferd med ni kister, så det er klart at det opptek samfunnet, seier kommunikasjonsrådgivaren.

Låg vekkgøymd på "mørkloftet"

Svingen frå Hommelvik er glad flagget endeleg har kommen i rette hender. Han fann det tilfeldigvis då han var å leita etter nokre biletet på loftet.

Konduktørflagg frå krigen

Slik ser flagget frå 1940 ut.

Foto: Magnar Branseth / NRK

– Eg var på "mørkloftet" som eg kallar det, og då fann eg flagget i ein plastpose. Der har flagget låge i 76 år, seier Svingen.

Kona hans gav grei beskjed om at flagget ikkje tilhøyrde han, og at no skulle det leverast til rettmessig eigar - altså Bane NOR.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
det er julebordtid, og av alle ting du må passe på er tennene. Ikke bare med tanker på sukker og syre og sånn, men det kan skje uhell skal vi tro tannlegene!
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.