NRK Meny
Normal

Har seld dyr til andre gardar i fylket

Dyr frå garden der det kan vere påvist kugalskap, er seld vidare til andre gardar i Nord-Trøndelag. Mattilsynet ventar no på endelege prøveresultat som kan avgjere om det verkeleg er snakk om kugalskap.

Kuer
Foto: BENNO GRIESHABER / AFP

Tirsdag kveld vart det kjent at ei 15 år gamal ku på ein gard i Nord-Trøndelag kan ha hatt kugalskap. Prøveresultata som kom onsdag morgon styrka mistanken.

Den aktuelle kua er avliva og destruert.

Men dyr frå same gard er seld til andre gardar i Nord-Trøndelag.

Bjørn Røthe Knudtsen

Bjørn Røthe Knudtsen, regiondirektør for Mattilsynet i Trøndelag, Møre og Romsdal.

Foto: Espen Nilsen Holtan / NRK

– Det som er viktig no, er å klarlegge om det kan vere andre dyr i besetninga som vi må undersøke vidare, seier regiondirektør i Mattilsynet i Trøndelag, Møre og Romsdal, Bjørn Røthe Knudtsen.

BSE, eller kugalskap, er ein sjukdom der smitten kjem inn i dyret hovedsakeleg gjennom foret. Den smittar ikkje mellom dyr, og heller ikkje frå dyr til menneske. Smittevegen er som regel gjennom foret.

Mattilsynet er derfor ikkje uroa over at dyr frå garden er seld vidare til andre gardar.

– Vi ser ingen risiko ved sal av dyr, verken som slakt eller til andre livdyrbesetningar, seier Røthe Knudtsen.

Bondelaget i Nord-Trøndelag ser alvorleg på situasjonen.

– For oss som næring er det veldig alvorleg, og spesielt for bonden og familien hans. Dei har ufrivillig kome opp i situasjonen, seier bondelagsleiar Asbjørn Helland.

Trass i at dette verken er ein fare for kjøtt- eller melkeproduksjonen, meiner bondelaget at det er dramatisk om sjukdommen spreier seg.

Det er så langt aldri påvist kugalskap i Noreg.

Gardbrukaren på den aktuelle garden får tett oppfølging av Mattilsynet.

– Det er ei besetning med berre kjøttfe, så det er ein ryddig og oversiktleg situasjon, seier Knudtsen.