Håper unikt arkeologisk funn skal gi svar på gravmysterium frå vikingtida

Under utbygging av E39 i Trøndelag fann arkelogar eit dødehus frå vikingtida. Dei håper det unike funnet skal gi svar på kvifor nokre vikingar blei lagt i eit hus midt i ein gravhaug etter at dei døydde.

dødehus

BILDE FRÅ LUFTA: Her ser vi ein sirkel rundt avtrykket av dødehuset. Det er vanleg og viser at det grave fram jord som er brukt til å byggje gravhaugen over huset, ifølgje arkeologane.

Foto: NTNU Vitenskapsmuseet

– Det er sjeldan at vi får moglegheita til å undersøkje eit heilt gravfelt som vi gjer no på Vinjeøra. Vi får viktig informasjon om korleis vikingane behandla sine døde. Denne kunnskapen har stor verdi både nasjonalt og internasjonalt, seier Raymond Sauvage, som er prosjektleiar for arkelogane ved NTNU Vitenskapsmuseet.

Gravmysterium

Huset dei har funne er 3,5 meter langt og 2,5 meter breitt. Taket og veggene har forvitra med tida.

Dette er det andre dødehuset som er funne under vegutbygging i Heim kommune i Trøndelag. Det første fann arkologene i fjor haust. Kvifor nokre vikingar fekk med seg eit heilt hus i grava er framleis eit mysterium.

– Kanskje kan det vere ting bevart i dette huset, som vi ikkje fann i huset frå i fjor. På den måten kan vi få betre forståing av kva husa faktisk har vore brukt til, forklarer Sauvage.

Utgravinger Vinjefjorden

STOR GRAVSTAD: Prosjektleiar Raymond Sauvage ved NTNU Vitenskapsmuseet (t.v.) og prosjektleiar Odd Helge Innerdal i Statens vegvesen i det store gravfeltet på Skeiet i fjor.

Foto: Statens vegvesen

Vart vanlegvis gravlagt i båtar

Funnet vart gjort i samband med utgravingar av E39. Hittil er det oppdaga berre omlag 15 slike dødehus i Noreg. Funnet er gjort på gravfeltet på Skeiet, som ligg inst i Vinjefjorden i Heim kommune.

Tidlegare gravfunn har i stor grad gitt kunnskap om at vikingane vart gravlagt i båtar. At dei òg vart gravlagt i hus har arkeologane funne færre bevis for.

– Vi jobbar i same område som i fjor. Vi ventar å finne fleire graver på Skeiet ved Vinjeøra, spesielt frå vikingtida. Det at vi no har funne eit nytt dødehus er eit særs spennande og viktig funn. Det gir oss høve til studere fenomenet dødehus nærare, seier Sauvage.

Usikkert kvifor nokon vart gravlagde i hus

Forskarane veit enno ikkje kvifor nokre vikingar vart gravlagt i hus og andre ikkje.

Tidlegare har ein trudd dette kan ha hatt praktiske årsaker, som mellom anna tele i jorda. No trur ein likevel at denne typen gravferd òg kan ha hatt ei meir symbolsk tyding. I feltet på Vinjeøra er det òg funnet både båtgraver og kistegraver.

Arkeologane frå NTNU Vitenskapsmuseet håper funna skal gi utvida kunnskap om gravferdskikkar i vikingtid, og også vise variasjonane på området.