Hopp til innhold

Norske Hanna (23) er ein av seks personar i verda som har designa sin eigen legosko

Hanna Helsø har meir enn 300 par «sneakers» i skosamlinga si. No har ho fått vere med på å designe ein sko av legoklossar, som står på utstilling i London.

Hanna Helsø frå Skatval i Stjørdal med eigendesigna legosko

LEGOSKO: Hanna Helsø (23) frå Stjørdal i Trøndelag har fått lov til å sette sitt eige preg på ein sko laga av legoklossar.

Foto: Privat

– Velkommen inn i skohimmelen, seier Hanna (23) og opnar døra inn til eit rom fullt av sko.

Det er joggesko og sportssko, også kalla sneakers, frå golvet til taket heime i leilegheita hennar på Skatval i Stjørdal.

Hanna har mista teljinga på kor mange sko ho har, men det er i alle fall meir enn 300 par.

No har ho fått eit prestisjefylt oppdrag. Ho har nemleg fått lov til å sette sitt preg på ein sko av legoklossar i samarbeid med merkevaregigantane Adidas og Lego.

Hanna Helsø frå Skatval i Stjørdal med skosamlinga si

ENORM SKOSAMLING: Hanna (23) frå Trøndelag har mista teljinga på kor mange sko ho har, men det er i alle fall over 300 par.

Foto: Bjørn Alexander / NRK

– Det er stort. Det er kjekt å få lov til å bruke kreativiteten sin, seier ho til NRK.

Det var Bladet.no som omtalte saka først.

Personleg preg

Hanna har fått lov til å sette sitt særpreg på legoskoen, ved hjelp av å sette på forskjellige legobrikker og farga, doble skolisser. Prosjektet er eit samarbeid mellom Adidas og Lego.

– Det er kjempekult å få eit så ærefullt oppdrag, seier Hanna.

Ho har henta inspirasjon frå legobrikker med tre og blomsterbukettar. Det var viktig for ho å få med detaljar ho sjølv set pris på når ho får eit par nye sko – mellom anna doble skolisser.

Sjølve designprosessen gjekk ganske fort. Hanna fekk oppdraget i april, og det var kort frist.

– Eg hadde raskt tankar om kva eg ville gjere. Eg laga eit «moodboard» med mine tankar, og sende det inn, fortel stjørdalingen.

Moodboard: Hanna Helsø frå Skatval i Stjørdal med eigendesigna legosko

«MOODBOARD»: Hanna (23) har laga ein visuell presentasjon av den kreative prosessen frå idé til ferdig produkt.

Foto: Privat

Det vart gjort små justeringar, og så kom skoen i posten. No står den utstilt på ein legobutikk i London.

– Det er veldig kult, seier Hanna, som håpar ho snart får sjansen til å reise til London.

– Veldig takknemleg

Hanna er ein av seks personar over heile verda som er plukka ut til å sette sitt preg på ein slik sko.

– Det er seks veldig forskjellige personar som har fått oppdraget. Nokre er legoentusiastar, medan andre driv med musikk eller mote, fortel 23-åringen.

Hanna Helsø frå Skatval i Stjørdal med eigendesigna legosko

SKO AV LEGO: Hanna (23) har fått vere med på å designe ein sko frå skogiganten Adidas.

Foto: Privat

Ho fekk tilbodet om å designe legoskoen gjennom sosiale medium. På Instagram har ho om lag 75.000 følgjarar. Det var gjennom Instagram-kontoen hennar Lego fann ho.

– Eg føler meg heldig. Det er mange gode kandidatar der ute, så eg er glad for at dei såg eit potensial i meg. Eg er berre veldig takknemleg.

Moods-gründer: – Ekstremt imponerande

– Wow, det er jo ekstremt imponerande, seier Moods-gründer Simen Staalnacke om det internasjonale oppdraget til skosamlaren.

– Hanna har ein unik stil, og når Lego og Adidas vil samarbeide, er det eit stort kompliment, legg han til.

Moods

MOODS-GRÜNDER: Simen Staalnacke er designar og står bak klesmerket Moods. Han er imponert over kva Hanna har fått til.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Stryningen står bak klesmerket Moods, tidlegare Moods of Norway, som han grunnla saman med to kameratar i 2003. Dei satsa stort på den amerikanske draumen. I 2017 gjekk firmaet konkurs. I mars 2019 vart motemerket lansert i ny drakt, under namnet «Moods».

Staalnacke har med andre ord opplevd både oppturar og nedturar i bransjen.

Han kjem med råd til unge personar som ynskjer å satse på ei karriere innan design eller i motebransjen:

– Det er viktig å ha ein tanke om korleis det ferdige produktet skal sjå ut, og jobbe seg fram til det. Det er berre å kaste seg ut i det, og stole på seg sjølv. Det beste er å designe med hjartet, og følge sin eigen smak, meiner han.

Ville ha unike sko i samlinga si

Interessa for sko har Hanna hatt lenge. Det starta med at ho forsøkte å få tak i litt spesielle sko på nett, som skilde seg ut frå skoa til resten av klassekameratane.

– Eg skjønte raskt at det var vanskeleg å få tak i unike sko. Då eg klarte det, var det ein meistringsfølelse. Og så vart eg hekta.

Hanna Helsø frå Skatval i Stjørdal med skosamlinga si

INTERESSE FOR SKO: Hanna (23) har lenge vore interessert i sko. Ho forsøkte å finne unike sko på internett, og så vart ho heilt hekta.

Foto: Bjørn Alexander / NRK

Kva er ambisjonane dine framover?

– Eg vil sjå kva moglegheiter som kjem. Dette samarbeidet viser at det finst mange måtar å vere kreativ på, og mykje kult ein kan gjere.

Hanna studerer psykologi, men ho kjem til å halde fram med å utvide skosamlinga.

– Eg vil definitivt fortsette med dette. Eg må vel kjøpe meg ei større leilegheit snart, seier Hanna og ler.