NRK Meny
Normal

Han får bli – ho må dra

Dei studerer det same på NTNU i Trondheim, og er frå Iran. Men framtida er forskjellig: Babak får bli verande, mens Hamideh må ut av Noreg innan 15. september.

Babak Khalaghi og Hamideh Kaffash

Babak Khalaghi og Hamideh Kaffash sit gjerne saman i lunsjen, sjølv om norske styresmakter har gitt den eine opphaldsløyve, den andre ikkje.

Foto: Morten Andersen / NRK

Hamideh Kaffash og Robert Fritzsch

Hamideh Kaffash bruker dei siste dagane til å treffe vener og gjere seg klar til heimreise til Iran. Her saman med Robert Fritzsch.

Foto: Morten Andersen / NRK

I kantina på realfagsbygget på Gløshaugen sit dei ved same bord. Fleire vener er med på den enkle lunsjen. Stemninga er god. Men det er berre nokre dagar att til ho blir kasta ut av landet, mens han kan fortsette med arbeidet sitt i Noreg.

I snart eitt år har dei arbeidd side om side på NTNU i Trondheim. Dei er stipendiatar, og forskar på miljøvenleg teknologi.

– Ordlyden var heilt lik i begge klagene

Før sommaren fekk dei beskjed om at PST var redde for at dei ville bruke det dei lærer i Noreg til å lage atomvåpen i heimlandet. Dermed fekk dei avslag på søknaden om opphaldsløyve.

Begge klaga på avslaget, og svara dei fekk frå Utlendingsdirektoratet, var overraskande. Babak Khalaghi får bli verande, mens Hamideh Kaffash må dra heim til Iran. Ho har fått utkastingsbrev frå politiet, og må vere ute av landet 15. september.

– Det er latterleg. Vi jobbar med det same, og vi skreiv heilt like klager, seier Hamideh Kaffash.

– Eg er glad for Babak, men eg kan ikkje forstå det. Vi jobbar med nesten akkurat det same prosjektet. Eg vil seie at 95 prosent av innhaldet er likt. Det var ein person som skreiv klagene våre til UDI, og ordlyden var heilt lik i begge klagene, seier Kaffash.

– I avslaget til meg skreiv dei at dei ikkje hadde fått ny informasjon, og at det var derfor dei vidareførte avslaget. Det er uforståeleg korleis dei kan ha fått ny informasjon frå klagen til Babak. For det må dei jo ha fått, i og med at han fekk medhald i klagen, og får bli, seier Hamideh Kaffash, som no er i ferd med å selje alt ho har i leilegheita si.

– Eg er veldig overraska over svara frå UDI, men framleis glad for at Babak får bli.

– Kan ikkje forstå kva som er så hemmeleg

Robert Fritzsch

Robert Fritzsch meiner at Hamideh Kaffash er viktig for arbeidet til fleire studentar på NTNU.

Foto: Morten Andersen / NRK

Robert Fritzsch er ein av venene til Hamideh. Han stiller seg heilt uforståande til korleis styresmaktene har handsama saka.

– Da vi såg det første avslaget, lurte vi på om nokon i det heile hadde lest søknaden.

Fritzsch peikar på at både Hamideh og Babak er viktige for arbeidet til fleire ved NTNU.

– Vi treng å jobbe saman med dei, seier han.

Han kan heller ikkje forstå kva som er så hemmeleg i arbeidet dei driv ved NTNU.

– Alt vi gjer, er med opne kjelder. Vi publiserer det vi gjer. Det handlar om gjenvinning og redusering innan CO2-produksjon, seier Robert Fritzsch.

– Hamideh har mista mykje tid

Babak Khalaghi trekte «vinnarloddet», og får bli verande. Men gleda han kjenner ved det, er ikkje så stor som ho kunne ha vore.

– Venene mine får ikkje bli. Og eg kan ikkje forstå grunnane til det. Det vi driv med, er ikkje sensitiv informasjon, seier han.

I starten var det over seksti iranske studentar som vart avvist, og dei kom aldri til Noreg. Rundt ti kom til Noreg, og starta jobben sin hausten 2013. Etter fleire månader fekk dei avslag på søknaden om opphaldsløyve. Etter at dei hadde klaga på vedtaket, var det tre som fekk avslag på ny.

– Hamideh har mista mykje tid på dette. Det er synd, for ho er ein god student og vil bli ein god forskar, seier Babak Khalaghi.

Saka har vekt internasjonal oppsikt, mellom anna har professor Noam Chomsky kritisert den norske handsaminga av studentane.

Hamideh Kaffash må ut av landet innan 15. september. Ho får dermed ikkje svar på klagen som no er til handsaming hos Utlendingsnemnda. Dersom nemnda held fast på UDI sitt avslag om opphaldsløyve, vil Kaffash, saman med advokat Brynjulf Risnes, gå til sak.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå Utlendingsdirektoratet om korfor Khalaghi og Kaffash har fått ulike vedtak. Direktoratet viser til teieplikta og seier at dei ikkje kan gi ut informasjon om enkeltsaker - av omsyn til personvernet.

Video fra Trøndelag

Det er julebordstid, og uhell kan skje, skal vi tro tannlegene...
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.