Den Europeiske Menneskerettsdomstolen i Strasbourg kunngjorde tirsdag klokka halv ti dommen i Bjugnsaka. Ulf Hammern fekk medhald frå Menneskerettsdomstolen. Hammern fekk i fjor tatt opp saka fordi han ikkje følte seg heilt reinvaska.
Ulf Hammern
Starta i 1992
Det heile starta 10 mars 1992. Politiet i Bjugn fekk inn tips om at assistent Ulf Hammern i Botngård barnehage skal ha misbrukt eit eller fleire barn seksuelt. Tre dagar seinare blir Hammern suspendert frå stillinga si.
Deretter eksploderte saka i omfang. I januar året etter blei Hammern sikta for overgrep mot minst 36 barn, i løpet av året blei talet endra til å gjelde 10 barn.
Opp i Frostating Lagmannsrett
Ikkje før i januar 1994 kom saka opp for Frostating Lagmannsrett og Hammern blei frikjent, men han fekk ikkje 200 000 kroner i erstatning slik dei seks andre fekk.
Hammern fekk berre 170 000 kroner. Årsaka var at han ikkje i tilstrekkeleg grad hadde vist si uskuld meinte lagmannsretten. Ulf Hammern har kjempa heilt sidan 1994 for nettopp dette punktet.
Prøvde saka i Strasbourg
I Menneskerettsdomstolen i Strasbourg heiter det at «enhver er uskyldig inntil straffeskyld er bevist». Det er nettopp dette ekteparet Hammern og advokat Christian Wiig meiner ikkje kom fram i dommen frå Frostating lagmannsrett.
Menneskerettsdomstolen har som oppgåve å regulere tilhøvet mellom stat og individ. Den skal sjå til at staten ikkje bryt menneskerettane, og at dei heller ikkje tillet enkeltpersonar å bryte menneskerettane.
I dag kom dommen frå Strasbourg, og det blei med det sett sluttstrek for den største og mest omtalte sedeligheitssaka i Noreg.