Hopp til innhold

Halo rundt sola i Trondheim

Varslar vêrskifte.

Ring rundt sol

HALO: Eit ganske vanleg fenomen, ifølgje meterologen.

Foto: Karoline Årrestad

Ein regnbogefarga ring vart observert rundt sola i trondheim i føremiddag. Ein halo, som fenomenet kallast, kan bety at det kjem nedbør.

Flotte fargar

– Ein halo oppstår når sollyset blir brote gjennom iskrystallar i atmosfæren, seier statsmeteorolog Berit Hagen til yr.no.

Det er årsaka til at ringen ofte har fargane til regnbogen.

– Haloen får gjerne ein raudleg farge i innerkanten, sidan det raude lyset brytast mindre enn dei andre fargane, fortel meteorologen.

Vêrteikn

Ordet halo stammar frå gresk og tyder sirkel. Det optiske fenomenet er ganske vanleg, det kan i gjennomsnitt sjåast eit par gongar i veka i Europa.

Frå gammalt av har ein sirkel rundt sola eller månen varsla om vêrskifte, og det er ikkje berre ei myte.

– I motsetning til mange andre gamle vêrteikn har dette ei meteorologisk forklaring, seier Hagen.

Skyene som sollyset skin gjennom kan nemleg vere ytterkanten av eit nedbørområde. Og ganske riktig kom det nedbør i Trondheim etter at haloen vart observert.