Hopp til innhold

Hald deg inne når Ask slår til!

Meteorologane ber folk halde seg inne når ekstremveret Ask når Nord-Trøndelag i kveld.

Stormen Ask på veg mot land (tirsdag formiddag)

Stormen Ask på veg mot land tirsdag.

Foto: Faksimile fra værradar på yr.no

– I kveld vil vinden auke til sørvest full storm. Vindstyrke på 25 meter per sekund er nokså farleg, så det er best å halde seg på avstand frå ting som kan fall ned fra taket, seier Anna Reistad ved Meteorologisk institutt til NRK.

Namdalen utsett

Tirsdag ettermiddag og onsdag er det venta regn frå Troms og sørover til Trøndelag.

Ekstremværet Ask når dei nordlegaste delane av Nord-Trøndelag i løpet av kvelden.

– Det er mest sannsynleg at Ask slår til langs Namdalskysten og at uveret vil merkast mest der, seier Reistad.

Høg vassføring

Ekstremveret vil gi raskt aukande vassføring i mange elver og bekkar. Det er fare for at vatnet vil fløyme over enkelte stader på grunn av opphoping av is som vil kunne tette røyr, sluk og andre avløpsvegar.

– Det er venta lokalt mykje nedbør i kveld og i morgon først på dagen. Mange stader er nedbøren regn som vil føre til stor snøsmelting forklarar Anna Reistad.

Vinden vil minke til liten kuling igjen allereie i morgon føremiddag, men frå ettermiddagen blir det igjen først stiv kuling, så sterk kuling om kvelden.