Hopp til innhold

Hald avstand til sjøfuglane i hekketida

Er du ved kysten og nærmar deg sjøfuglkoloniane, hugs ferdselsforbodet! I fleire område er det ulovleg å gå i land fordi det er viktig at fuglane ikkje blir forstyrra i hekkinga.

Sklinna

Det blir færre og færre sjøfuglar, og eitt av tiltaka for å berge dei, er ferdselsforbod i hekketida.

Foto: Kjartan Trana/NRK

Frå 15. april er det ferdselsforbod i sjøfuglkoloniane langs kysten. Den kraftige nedgangen i sjøfuglbestanden gjer at det er viktigare enn nokon gong at dette forbodet blir halde.

Må verne om sjøfuglane

På Lyngværet i Flatanger har måsane og andre artar no verkeleg starta førebuingane til hekking.

– Denne lille øygruppa ligg litt for seg sjølv, og har derfor vore verna mot folk og firbeinte, seier Helge Staven.

Han er ein av eigarane av Lyngværet, som er eitt av naturreservata som har ferdselsforbod no i hekketida for sjøfugl.

Området vart freda tidleg på 1970-talet, og har i stor grad fått vere i fred.

– Dette er einaste staden i Flatanger med ein større koloni av sjøfugl i dag, seier Staven.

Gås og stormåsar har allereie lagt egga sine, og utover i mai følger mange artar etter. Og det er altså ikkje lov å gå i land i desse områda, som er merka med små skilt for å informere båtfolket.

– Viktig å respektere ferdselsforbodet

Nils Roger Duna.

Nils Roger Duna er lensmann i Flatanger.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Lensmann i Flatanger, Nils Roger Duna, har vore ein ressurs for politiet på miljøsida i ei årrekkje. Han meiner det er viktig å respektere ferdselsforbodet.

– Med ein gong folk tek seg i land i slike område, vil det bli uro blant fuglane som hekkar. Og når dei forlét reiret, står andre fuglar klare til å ta egga eller ungane. Dersom reira blir ståande forlatne over tid, kan egga bli øydelagde av den grunn òg, seier Duna.

Dei fleste sjøfuglane langs norskekysten har hatt ein kraftig tilbakegang. Det har fleire grunnar, men det er ekstra viktig å unngå å forstyrre fuglane i hekkeområda i åra som kjem dersom fuglelivet på kysten skal halde fram.

På Lyngværet har det hendt at folk har tatt seg til rette og tatt med seg egg for å spise, som sjølvsagt er heilt ulovleg.

Det har også skjedd at folk har gått i land og skremt opp fuglar utan å vite om ferdselsforbodet.

– Det er vel mest det at dei ikkje er klar over at områda er sårbare og freda, seier Helge Staven, som er opptatt av at fuglelivet må vernast.

– Det blir færre og færre sjøfuglar langs kysten, og dei få koloniane som er att, bør vi ta vare på, meiner han.