Hopp til innhold

Vil ha femårig lærarutdanning

Kampsakene til Venstres 1. kandidat Guri Melby er skule, høgare utdanning og forsking.

Guri Melby
Foto: privat

– Eg vil ha ein tydeleg satsing på kunnskap dei neste fire åra. For å få ein god skule treng vi gode lærarar, difor vil Venstre gjere lærarutdanninga femårig, seier Guri Melby til NRK Trøndelag.

Ho legg til at partiet også ønskjer å få på plass ei systematisk etter- og vidareutdanning for alle lærarar slik at dei med jamne mellomrom får fagleg påfyll og oppdatert kompetanse sin.

Enkeltmenneske og fellesskap

Ein kombinasjon av ideologi og politiske prioriteringar blei avgjerdane for at Guri Melby blei venstrepolitikar.

– Venstre er eit sosialliberalt parti som set enkeltmennesket i fokus, samstundes som vi er opptatt av fellesskapets ansvar. I tillegg har Venstre lenge vore det tydelegaste og mest truverdige miljøpartiet, og det har vore avgjerande for meg, seier Melby.

Ho vil helst samarbeide med parti som står Venstre nær, både i standpunkt og val av saker. I tillegg syns Guri Melby det viktig at dei tidlegare har vist vilje og evne til å samarbeide.

– Venstre går til val på ei satsing på kunnskap og miljø, og vi vil prioritere desse saksfelta også i samarbeid med andre. Landsmøtet vårt har også stilt eit ultimatum om at vi ikkje kan sitte i ei regjering som seier ja til oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen, seier Melby.

KrF og Høgre

Venstre går til val på samarbeid med Kristeleg Folkeparti og Høgre.

– Dei to partia står oss nærmest og vi meiner dei vil gi landet den beste politikken. I tillegg har vi gode erfaringar med å samarbeide og sitte i same regjering som både Høgre og KrF.

Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Venstre kan samarbeide med alle parti frå sak til sak, men det er uaktuelt for oss å støtte ei regjering der fløypartia i norsk politikk sit, altså Sosialistisk Venstreparti eller Framstegspartiet.

Vil ha fortgang

Venstre meiner det er staten som har ansvar for å byggje ut og finansiere stamvegnettet, men for å få fortgang i bygginga aksepterer partiet bompengar på enkelte strekningar, seier Melby.

– Samstundes er det viktig at vi får på plass fleire fullstendige transportløysingar, som miljøpakka i Trondheim. Det kan føre til mindre utslepp frå biltrafikken på sikt og vi kan få råd til betre kollektivtilbod og fleire gang- og sykkelvegar.

Meir eller mindre rovdyr i Trøndelag? Kva er ditt syn i rovdyrpolitikken?

– Norge har internasjonale plikter på å oppretthalde levedyktige rovdyrstammer, og desse må vi halde oss til. Men samstundes må vi vedgå at vi har rovdyrutfordringar i Trøndelag, vere opne for justeringar i dagens rovdyrforvalting og gjere det ytterste for å legge grunnlaget for ein betre sameksistens mellom rovdyr og beitande dyr. Dette handlar om å vise respekt og forståing for næringsutøvarar i primærnæringa, forklarar Melby.

Kva meiner du om å slå saman kommunar i Trøndelag?

– Om velferdssamfunnet skal vere robust i åra framover, krev det endringar. Venstre vil ha ein velferdsreform som gir mer behandling, pleie og omsorg i nærmiljøet til folk gjennom ei styrka helseteneste i kommunane. Dette krev større kommunar og eit sterkare lokaldemokrati, også i Trøndelag.

Send epost til Guri Melby
Besøk Guri Melbys blogg

Møt Guri Melby på Facebook
Følg Guri Melby på Twitter