Hopp til innhold

Ingen sakna etter gummibåtfunn i Nidelva

Ingen personar er sakna etter at ein gul og blå gummibåt vart funnen opp ned i Nidelva ved Øya i Trondheim.

Leiteaksjon gummibåt

LUFTAMBULANSEN LEITA: Fleire naudetatar deltok i arbeidet.

Foto: Rune Kjær Valberg

Operasjonssentralen i Sør-Trøndelag meldte i frå om funnet rundt kl. 19.30 laurdag kveld.

Naudetatar blei sett i sving, blant anna luftambulansen.

Like over kl. 20 kunne politiet opplyse om at dei hadde kome i kontakt med eigaren av båten og at ingen personar er sakna.

Redningsaksjonen er no avslutta.