Hopp til innhold

Gullfesten på Lerkendal

Rosenborg slo Aalesund 2-1 på Lerkendal søndag kveld.

Aalesund gjekk offensivt ut og spelte godt i første omgang.

Til pause stod det 0-0 mellom Rosenborg og Aalesund på Lerkendal stadion.

Aalesund i tet

Video nsps_upload_2009_10_25_22_22_11_4695.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Ti minutt ut i andre omgang fekk eit fullsett Lerkendal eit kaldgufs. Diego Silva gir gjestane 1-0. Målet kom etter eit hjørnespark, som RBK først klarerte, men Silva stod på returen.

Berre ti minutt seinare er Rosenborg frampå og Abdou Razack Traoré set inn utlikningsmålet og det står 1-1.

Prica-show

Video nsps_upload_2009_10_25_22_19_37_4694.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Knappe kvarteret før slutt, i det 76.speleminutt er det toppscoraren i eliteserien sin tur til å vise seg fram for 21 000 publikummarar.

– Vi snur kampen igjen, slik som vi har gjort mange gonger i år. Det var ei fantastisk scoring av Prica. Det er deilig. Han skulle hatt nokre mål til i dag, men målet i dag må vere ein av dei store kandidatene til årets mål, sa RBK-trenar Erik Hamrén til TV 2 rett etter kampen.

Gulljubel på Lerkendal

RBK-gutta får gullmedaljane sine.