Hopp til innhold

Redd og bekymra for situasjonen i heimlandet: – Det er eit land i krise og kaos

Sjokket over Taliban sitt inntog i Kabul pregar mange afghanarar i Noreg.

 Gulabuddin Sukhanwar, Oisha Mirghayosieva og barnet deira Malika Zahra.

NYBAKTE FORELDRE: Malika Zahra vart fødd for knapt ei veke sidan. Foreldra hennar, Oisha Mirghayosieva og Gulabuddin Sukhanwar er svært bekymra for vener og familie i Afghanistan.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Det som skjer i Afghanistan no er trist og skuffande. Eg er redd og bekymra, seier Gulabuddin Sukhanwar.

Familiefaren har budd i Noreg sidan 2013. Store deler av familien hans bur i Kabul og Afghanistan.

– Dei siste tjue åra har vi bygd opp institusjonar, demokrati, utdanning og kjempa for menneskerettar. Alt kollapsa på mindre enn tjue dagar, seier Sukhanwar

– No er fredsprosessen død

Forutan jobb ved Litteraturhuset i Trondheim, er Gulabuddin Sukhanwar også aktiv i fleire organisasjonar som jobbar for menneskerettar og inkludering.

Då utanlandske styrkjer trakk seg ut av heimlandet, håpte han at den afghanske regjeringa og Taliban skulle finne ei fredeleg løysning på konflikten.

– Det endra seg så raskt. No er fredsprosessen død, seier Sukhanwar.

Han ønskjer ikkje å dvele ved kva USA og deira allierte har gjort for afghanarane dei siste tjue åra.

– No må vi snakke om dagens situasjon, og arven verdssamfunnet lèt etter seg i Afghanistan. Det er eit land i krise og kaos, seier Sukhanwar.

Gulabuddin Sukhanwar på heimekontor i Trondheim.

HEIMEKONTOR: Gulabuddin Sukhanwar følgjer med på nyheitene frå heimekontoret sitt i Trondheim.

Foto: Morten Andersen / NRK

Skuffa

– Folk i Afghanistan trong hjelp, men verdssamfunnet snudde dei ryggen. Eg er veldig skuffa, seier Gulabuddin Sukhanwar.

Han meiner fredsprosessen mellom den afghanske regjeringa og Taliban, i realiteten berre gjorde det enklare for USA å trekkje soldatar ut av landet.

– Dei sa dei skulle gje oss menneskerettar og demokrati. Dei har berre halde avtalen med Taliban om å trekkje seg ut. Resten av lovnadane har verdssamfunnet tydelegvis gløymt, seier han.

Sukhanwar er ein av mange afghanarar som no kritiserer USA og deira allierte for gjennomføringa av tilbaketrekkinga:

– Håplaus

Statsminister Erna Solberg avviser måndag at afghanarar som er blitt tvangsreturnerte frå Noreg, fordi dei har fått avslag på asylsøknaden, skal bli henta tilbake.

Sidan 2015 har Noreg tvangsreturnert 843 personar til Afghanistan som har fått avslag på asylsøknaden her i landet, skriv VG.

– Norske styresmakter sende dei tilbake til Afghanistan sjølv om vi sa at det ikkje var trygt, seier Sukhanwar, oppgitt.

Afghanaren er usikker på kva norske politikarar kan gjere for å hjelpe folk i heimlandet hans.

– Situasjonen er håplaus. Eg veit ikkje kva som kan gjere den betre.