Hopp til innhold

Grovpølse frå Ytterøya

Kva kan radiokokken trylle fram av ei grovpølse?

Grovpølse
Foto: Tron Soot-Ryen / NRK

Radiokokk Inge Johnsen har kokt opp vatn og putta ei heimelaga grovpølse frå garden til Anna Maria og Karl Laugsand oppi.

 - Dette er ei god gamaldags grovpølse med okse- og svinekjøt. Kjøtet er salta, krydra, kverna og stappa. Det er ikkje spedd med noko anna, så dette er 100 prosent reint kjøt, seier Karl Laugsand.

Pass på tida

Det er viktig at pølsa får trekke i vatenet, og ikkje koke.

- Den skal trekke i omlag 80-90 grader varmt vatn i ti minutt, seier Johnsen.

Bonden legg til at pølsa er aller best med ein gong den er ferdig trukken.

- Om den blir liggande for lenge, trekker feittet ut av pølsa og den blir litt tørr, seier Laugsand.

Grønsaker som tilbehør

På garden nyttar dei vanlegvis kålrotstappe til grovpølsa, men radiokokken vil prøve seg på noko litt anna.

- I finveret er eg inspirert til å lage ein litt lettare variant av grønsaker til grovpølsa. Eg kuttar difor opp gulrot og løk. I tillegg pressar eg litt lime og sitron som skal fresast i ei panne, seier Johnsen.

Han surrar alt i smelta sukker.

- Retten smakar best med øl til, meiner bonden.