Hopp til innhold

Grilstad kallar tilbake salami etter salmonellafunn

Grilstad ber folk som har kjøpt kjøttpålegg frå dei om å returnere eller kaste fleire produkt.

Eit av partia med salami som Grillstad no ber folk om å ikkje ete.

IKKJE ET DENNE: Grilstad ber folk som har kjøpt salami av dei om å sjekke LOT-nummera på pakken.

Foto: NTB

Fire parti Jubelsalami og Jubelsalami med pepar kallast tilbake etter at det vart påvist Salmonella i ei miljøprøve frå produksjonslokalet til ein av Grilstad sine råvareleverandør. Det er ikkje funne bakteriar i Grilstad sine produkt, råvarer eller produksjonslokale, skriv Grilstad i ei pressemelding.

Grilstad trekker også tilbake eit mindre parti med Grilstad spekeskalker, fordi dei kan innehalde avskjer frå partia med Jubelsalami.

Dei ramma produkta er produserte i veke 2 til 5 i 2021. Dei kan identifiserast gjennom lot-nummeret som står trykte på pakken ved sida av datomerkinga. Grilstad seier at bruksdatoen ikkje er relevant i denne samanhengen.

Grilstad ber dei som har kjøpt produkta om å kaste dei eller returnere det til butikken for å få refusjon.

Ikkje påvist salmonella hos Grilstad

– Det er ikkje blitt påvist salmonella hos Grilstad, verken i produksjonslokala, råvarene eller i dei ferdige produkta, kommenterer direktør for innkjøp og næringspolitikk Ståle Gausen i pressemeldinga.

Grilstad bestemte seg for å kalle tilbake produkta etter å ha snakka med Mattilsynet, og for å unngå usikkerheit blant kundane deira, skriv dei.

Fleire kjøttprodukt trekt tilbake

Dei siste vekene har fleire kjøttprodukt blitt trekt tilbake frå norske butikkar.

I starten av mars fekk fleire personar fordelt på fleire fylke påvist salmonellasmitte i Noreg.

11. mars kalla Norgesgruppen tilbake visse typar kjøttdeig, karbonadedeig og burgarar på grunn av salmonella.

Utbrotet vart kopla til kjøt importert frå ein av Norgesgruppen sine norske leverandørar.

– Fleire av personane som har blitt sjuke, seier dei har smakt på rå karbonadedeig som truleg er produsert av råvarer frå dette partiet, sa direktør for avdeling mat i Mattilsynet, Karina Kaupang.

Kjøt frå same leverandør

Kjøtet Grilstad no trekker tilbake stammar frå same leverandør der det var påvist salmonellasmitte tidlegare denne månaden, men ikkje frå same kjøtparti, fortel Ståle Gausen til NRK.

– Dette er eit parti med svinekjøt kor det ikkje har blitt påvist smitte enno, seier han.

– Kva vil du seie til dei som har ete kjøtet de i Grilstad no har trekt tilbake?

– Det er ikkje funne bakteriar i Grilstad sine produkt. Vi har ingen indikasjon på at det medfører nokon risiko å ha ete desse produkta, svarer Gausen.

Han fortel at dei har tatt mange testar av kjøtet, men at dei vel å vere føre var sidan leverandøren har oppdaga salmonella i lokala sine.