Hopp til innhold

Grilstad-gjerdet til statsnivå

Advokat Elling André Lillefuhr vil at gjerdet på Grilstad Marina i Trondheim skal behandlast av Klima- og miljødepartementet. Det skriv avisa Nidaros.

Debatten har rast rundt gjerdet på Ranheim, som hindrar badegjestar å bade der. Fleire har sett spørsmålsteikn ved om dette gjerdet er lovleg.

– Strandlova er klar, og dette gjerdet er ulovleg, sa Lillefuhr til NRK i midten av juni.

No har han saman med bebuar Kristian Karila sendt brev til Klima- og miljødepartementet der dei ber departementet om å behandle saka om det mykje omtalte gjerdet, eller få ein anna kommune til å gjere ei vurdering, ifølge avisa.

Jente hopper fra stige mellom gjerde på Grilstad Marina.
Foto: Bjarte Johannesen / NRK