NRK Meny
Normal

Gravemaskin velta rett ved jernbanen

Ei gravemaskin velta og endte på sida rett ved jernbanelinja i Vuddudalen i Levanger natt til fredag.

Gravemaskin velta

Det var under rydding langs togskinnene at gravemaskina velta.

Foto: Terje Næss

Føraren slapp uskadd frå hendinga, opplyser politiet.

– Vi fekk melding om hendinga rett etter klokka 04, seier operasjonsleiar hos politiet i Nord-Trøndelag, Kjetil Mollan.

Brannvesenet vart sendt til staden for å hindre utslepp av diesel og olje.

– Det vart minimalt med slike utslepp, seier Mollan.

Gravemaskina fekk berre små skader, og velten hindra verken veg- eller togtrafikk.

Velten skjedde i samband med ryddearbeid langs toglinja, Jernbaneverket var på staden saman med entreprenør.

Gravemaskin velta i Vuddudalen

Gravemaskina velta og vart liggande på sida. Ingen vart skadd i velten.

Foto: Terje Næss

Video fra Trøndelag

Det er julebordstid, og uhell kan skje, skal vi tro tannlegene...
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.