Hopp til innhold

Rykka ut til opne flammar i Trondheim

Det begynte å brenne i graset ved ein busshaldeplass på Ranheim i Trondheim.

Brannbil på Ranheim

Grasbrann: Brannvesenet fekk kontroll på brannen etter få minutt.

Foto: Bent Vidar Lindsetmo / NRK

– Liten og avgrensa grasbrann og brannvesenet fekk raskt kontroll.

Det seier vaktleiar i 110-sentralen midt, Roger Gjersvold.

– Me veit ikkje noko om årsak til brannen, legg Gjesvold til.

Det brann på eit område på om lag ti gonger fem meter.

Politiet blei varsla om brannen av brannvesenet og opprettar sak etter rutine.

Det begynte å brenne like ved eit busstopp på Ranheim i Trondheim

Les også Brannen i Leka blussa opp flere ganger i natt

Brann i Leka