NRK Meny
Normal

Glatt i Trøndelag: Fleire bilar utfor vegen

Fleire bilar har havna utfor vegen rundt om i Trøndelag. – Kjør forsiktig, oppmodar politiet.

Rulla rundt i Bratsbergvegen

Denne bilen enda på taket i grøfta ved Bratsbergvegen. Ingen skal ha blitt alvorleg skadd.

Foto: Henrik Sundgård

Ein bil med to eldre personar kjørte utfor i Bratsbergvegen i Trondheim rundt klokka 1840. Bilen havna på taket, men dei involverte skal ikkje ha blitt alvorleg skadd.

– Dei er sendt til legevakt for ein sjekk, opplyser politiet.

Ved Storås i Meldal var fylkesveg 65 stengt ei god stund søndag kveld fordi fleire vogntog hadde sklidd av vegen.

Føraren av den første traileren hadde stoppa for å gå ut og legge på kjetting, det førte til at dei som kom bak, sklei av vegen.

– Det skal ha vore kjempeglatt der, så vi har ikkje kome med åtgjerder der, seier operasjonsleiar hos politiet i Sør-Trøndelag, Frank Brevik.

– Det var veldig vanskeleg for vogntogsjåførane, seier han. Vegen er rydda.

Søndag ettermiddag kolliderte to bilar på Nardo i Trondheim.

– Glatt i Trøndelag

Ved Husbysjøen i Rissa har det òg vore ein kollisjon.

– Her har ikkje politiet vore involvert, dei som var i bilane tar kontakt med lege sjølv, seier Brevik, som konkluderer med at det er glatt rundt om i Trøndelag.

Også kollegaen hans i Nord-Trøndelag, Jan Tore Tiltnes, kan bekrefte det.

– Det har vore ei utforkjøring på E6 sør for Sparbu, eg veit ikkje om det var glatt der, men det var vanskelege kjøreforhold, seier han.

Det var snødekt og sporete på staden. Bilen kjørte utfor vegen og trefte ein lyktestolpe. Føraren av bilen er sendt til legevakt for ein sjekk.

Ein bil har kjørt i grøfta ved Husbyfaret i Stjørdal, men her har politiet mistanke om promillekjøring.

Video fra Trøndelag

Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.