Hopp til innhold

Gjermund (39) eig ein halv million legoklossar

Gjermund Jonnyson Kvam er det som blir kalla AFOL - adult fan of Lego. Men han er ikkje den einaste vaksne her i verda som har denne hobbyen.

Gjermund Kvam

Gjermund har laga sin eigen "Brikkeby", ute på bygda på Berkåk. Der har han fleire svære bygningar, veg med trafikk på, bensinstasjonar og mykje anna rart.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Andre ser nok på meg som litt barnsleg. Men eg tenker at viss ein ikkje kan vere litt barnsleg så blir kvardagen kjedeleg.

Harald Kvande og Are Heiseldal

Are Heisedal og Harald Kvande fra Brikkelauget, som arrangerer Legoutstilling i Trondheim denne helga.

Foto: Helene Solheim / NRK

Gjermund er med i noko som heiter Brikkelauget, ei foreining for vaksne folk som er ekstra glad i Lego. Dei har rundt 300 medlemmar her i Norge, men det finnast slike foreiningar over heile verda.

– Det er mange vaksne som synest det er kjekt med Lego. Vi samlast nokre gonger i året, også har vi ei stor samling med utstilling i Trondheim. Der har folk bygd alt frå slott til pariserhjul, fortel Harald Kvande og Are Heisedal, som er med og arrangerer "På Kloss hold" denne helga.

Har bygget verdens største pariserhjul av legoklosser

VERDENS STØRSTE: Tomáš Kašpařík fra Tjekkia har bygget verdens største pariserhjul av lego-klosser, som nå står på utstilling i Trondheim under arrangementet «På kloss hold». Pariserhjulet ble bygget for en lego-festival i 2015, og modellen består av rundt 40.000 lego-klosser.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK
Tomáš Kašpařík fra Tjekkia har bygget verdens største pariserhjul av lego-klosser, som nå står på utstilling i Trondheim under arrangementet «På kloss hold», der lego-estusiaster fra hele verden samles.

Forsikra legoen

– Eg har sikkert rundt ein halv million klossar. Det er vanleg å rekne rundt ei krone per brikke i snitt, så det er ganske store verdiar her.

Gjermund har forsikra all legoen sin, i tilfelle den skal bli stelt. Han ler litt av seg sjølv, men er samtidig alvorleg. Det er tross alt snakk om 500.000 kroner.

Gjermund, Sigrid, og Ivar Kvam

Familien diggar å bygge Lego saman. Sigrid Gjermundsdatter Kvam likar best å bygge rosa lego, så ho har sitt eige rom ved sidan av.

Foto: Helene Solheim / NRK

Velkommen til "Legohuset"

– Her er byen min. Den heiter Tosgo Hot. Det betyr Brikkeby på mongolsk.

Gjermund ler. Han ser rundt seg i det gamle skulebygget kor han har all legoen samla. Det var ikkje plass til alt heime, så han måtte finne eit eige hus. Han og ungane kallar det "Legohuset".

Han står saman med Sigrid (11) og Ivar (6). Minstemann er minst like glad i Lego som pappa. Han har bygd seg ein "underjordisk by" under Gjermund sin Brikkeby. Noko av byen er bygd slik som originalsetta er, medan andre har dei laga av eigen fantasi. 39-åringen har digga Lego sidan har var liten, og når han sjølv fekk ungar ville han bringe interessa vidare.

– Eg byrja med alt det her for ungane sin del. Når ein bur ute på bygda må ein finne noko spennande å sysselsetje seg med, seier han.

Ivar synest det er skikkeleg kult med ein pappa som bygger Lego. Han ser stolt rundt seg, og seier han også vil halde fram å drive med dette når han blir vaksen.

– Det er så mykje kult ein kan bygge av klossane. Eg kjem nok til å arve pappa sin kjærleik for Lego, seier han medan han set saman ein fargerik vegg til restauranten sin.

Ivar Kvam

Ivar Gjermundson Kvam har laga seg ein "underjordisk by" under pappa sin "Brikkeby". Delar av den er under vatn, der legofigurane hans kan jakte etter gull.

Foto: Helene Solheim / NRK