Hopp til innhold

Gjekk du glipp av Elton John? Få ein smakebit her

10 000 publikummarar fekk med seg verdsartisten Elton John i Trondheim fredag kveld.

Fredag 1. juli spilte Elton John konsert på Sverresborg i Trondheim.

Rundt klokka 2030 kom hovudpersonen sjølv på ut på scenen. Her kan du sjå dei tre første låtane han spelte.

Gradestokken viste 18 grader og sola gløtta fram då Elton John kom på scenen.

Så langt har det vore fantastisk og det bygger seg opp, seier Stig Rønne som er stor fan av Elton John, halvveges uti konserten på Sverresborg i Trondheim.

Høgdepunktet så langt har for han vore «Goodbye Yellow Brick Road».

– Kjempebra konsert! Mykje betre enn eg hadde venta, seier Sturla Tøndelstrand rett etter konserten.

Publikum på Elton John-konsert

10 000 hadde sikra seg billett til Elton Johns første konsert i Trondheim sidan 2003.

Foto: Marit Langseth / NRK

Elton i storform

Stein Vanebo på Elton John-konsert

Arrangør Stein Vanebo i Trondheim Concerts koste seg på konserten.

Foto: Morten Karlsen / NRK

Elton John spelte torsdag kveld på Color Line stadion i Ålesund. 17 500 publikummarar fekk oppleve mannen som har selt 250 millionar album og halde over 3500 konsertar.

I Trondheim var det selt 10 000 billettar til konserten fredag kveld og 10 000 til konserten laurdag.

– Ein usedvanleg bra konsert og ein usedvanleg blid Elton John på scenen. Han koste seg frå første sekund. Elton og musikarane strålte på scenen, så no det er heim å glede seg til i morgon, for då er det på igjen, seier Stein Vanebo som er konsertarrangør i Trondheim Concerts rett etter Elton John hadde avslutta konserten med «Crocodile Rock».

Trauste trøndere

Silje Eide og Julie Strøm på Elton John konsert

Silje Eide og Julie Strøm på Elton John- konsert.

Foto: Marit Langseth / NRK

Julie Strøm og Silje Eide har høyrd litt på Elton John i oppveksten.

– Vi kan ikkje så mange songar, men det er veldig artig. Det er mykje folk, men det det er litt trauste trøndere på konsert, så det er ikkje heilt hæla i taket endå, seier Julie Strøm litt skuffa.

Venninna legg til at det er litt for mange allværsjakker på Sverresborg.

– Han er 69 år og gir alt, då syns eg publikum også skal gi alt, seier Silje Eide.

Konsert Elton John Trondheim
Foto: Marit Langseth / NRK

Fargerike briller til ære for Elton John

Mange hadde tatt på seg t-skjorter og briller i ulike storleikar og fargenyansar for å hylle den britiske verdsstjerna.

– Det er stor å komme hit til Trondheim og sjå Elton John, seier ei blant publikum som har køyrd frå Frøya for å komme på konsert.

– Vi håper vi får høyre «Candle In The Wind» for Diana hadde hatt bursdag i dag, skyt veninna inn.

Fjerde gong som oppvarmer

Dagny

Dagny skal varme opp for Elton John på Sverresborg både fredag og laurdag.

Foto: Malin Jørnholt / NRK

Før hovudpersonen sjølv kom på scenen var det Foy Vance og Dagny som spelte.

Dagny er kjent for hiten «Backbeat» som er spelt av 20 millionar gonger på Spotify. Tre gonger tidlegare har ho hatt det ærefulle oppdraget å varme opp for Elton John. Men sjølv om ho har varma opp for briten både i Tromsø, Polen og Ålesund, har ho ikkje fått snakka med hovudpersonen.

– Han held seg veldig privat før konsertar. Eg har høyrd veldig mykje fint om han, men rett før konserten går han inn i konsertsona, fortel Dagny.

Elton John på Sverresborg

Elton John på scenen på Sverresborg.

Foto: Marit Langseth / NRK