AV Kristin Agerlie og Jøte Toftaker
Det gigantiske fraktflyet, ein russisk Antonov, landa på Trondheim lufthavn Værnes i går ettermiddag. Arbeidet med å køyre bilane ombord i flyet starta med det same.
- Det er raskt å plassere køyretøya sidan flyet er så romsleg og golvet er heilt flatt, seier prosjektleiar i naudhjelpsseksjonen til Norges Røde Kors, Stein Brauten til NRK Trøndelag.
Gode på dårlege vegar
I løpet av to turar skal flyet frakte tjue av Forsvarets lastebilar til Indonesia.
- Vi skal i alt sende nedover seksti lastebilar. Tjue av dei blir frakta med fly, dei andre går truleg med skip. Bilane skal nyttast til hjelpearbeid, seier Brauten.
I Indonesia er store delar av vegnettet øydelagt etter flodbølgjekatastrofen. Dette gjer at sivile køyretøy har problem med å komme fram på vegane.
Bilane, som Forsvaret no sender, er idelle på desse dårlege vegane.
- Eg kaller dette køyretøyet ein mellomting mellom ein kamel og eit helikopter, så dei kjem heilt sikkert til å gjere nytte for seg, seier Brauten.
Spesielt oppdrag
Den andre nordmannen som blir med på flyet til Indonesia er Tom Nymann. For han er dette eit svært spesielt oppdrag.
- Vi skal til eit katastrofeområde og veit svært lite om kva som møter oss der. Det er ikkje lett å førebu seg på dette, det blir svært individuelt korleis folk reagerer, så vi må berre ta det derifrå, seier Nymann.
Han legg til at dette er ein av dei mest meiningsfulle jobbane han har fått.
Flyet letta frå Værnes klokka 06:00 onsdag morgon.
(Foto: NRK)