Hopp til innhold

Gifttiltalt kvinne: Tenkte ikkje at mannen kunne vere forgifta

Kvinna i 50-åra meiner ho har gode forklaringar på kvifor det vart funne nervegift heime hos henne. Då ho fekk vete at gifta var funne i blodet hans, trudde ho det var sjølvmordsforsøk.

Tørkete planterester, bevis i rettssak

KJØPT I THAILAND: Planterestane tok effektivt liver av fluger, fortalde tiltalte.

Foto: Politiet

Ho er tiltalt for drapsforsøk på den dåverande ektemannen sin. Etter elleve innleggingar på sjukehus, vart nervegifta akonitin funne i blodprøve og urin hos fornærma.

Kjøpte tørka planterestar i Thailand

Den planteinteresserte kvinna sette seg i vitneboksen i Trøndelag tingrett onsdag ettermiddag.

–Eg er ekstremt interessert i planter, særleg dei fargerike, sa tiltalte på spørsmål frå aktor.

Heime hos henne der ho budde saman med fornærma, vart det funne akonitin på fleire gjenstandar.

Korleis gifta kom inn i huset, hadde tiltalte fleire forklaringar på:

I Thailand kjøpte ho tørka planterestar på ein marknad. Kvinna som selde henne det, demonstrerte korleis restane kunne raspast på eit rivjarn og brukast til å ta livet av fluger. Seljaren dryssa plantestoffet ned i eit glas med fluger.

– Etter kort tid sprella flugene, med beina i vêret- og døydde, fortalde tiltalte i retten.

Ho meinte dette kunne brukast heime hos ekteparet der det var mange fluger.

Heime igjen raspa tiltalte også noko i ei skål og la det i ein glaskolbe med vatn for å «sjå om det ville bli noko av».

Vanlegvis stod dette i vinduskarmen. Tiltalte sa at ho hadde gitt beskjed både til ektemannen og sonen deira at dei ikkje måtte røre den.

Politiet fann den i eit skap på soverommet.

Bevis i rettssak om nervegift

AKONITIN I GLAS OG SKÅL: Stod i vinduskarmen, ifølgje tiltalte.

Foto: POLITIET

–Eg flytta skåla og glaset dit då vi skulle ha gjester, sa tiltalte. Det skal ha skjedd helga før ho vart arrestert.

Hjelmplanta som vart funne i fellesøpla då politiet ransaka, visste tiltalte at var giftig. Ho meinte den vaks opp i ei potte saman med blåregn. Korleis hjelmplanta hadde kome dit var ho ikkje sikker på.

Vanskeleg å skilje mellom alle innleggingane

Det var tiltalte som sjølv ringde AMK-sentralen alle dei elleve gongane mannen måtte akuttinnleggast med kramper, lammingar og oppkast.

Fleire av lydloggane vart spelte av i retten tysdag. Då var ho tydeleg prega av det ho høyrde.

Onsdag bad aktor, konstituert statsadvokat Eli Reberg Nessimo, tiltalte fortelje korleis ho opplevde mannen kort tid alle gongane før ho måtte ringe etter hjelp.

–Det er vanskeleg å hugse og skilje alle gongane frå kvarandre, sa kvinna.

Men ho hugsa at mannen var kvalm og at han kasta opp.

Eli Reberg Nessimo

AKTOR: Konstituert statsadvokat Eli Reberg Nessimo.

Aktor spurte henne fleire gonger om tiltalte aldri tenkte tanken om at han kunne vere forgifta med tanke på kva som var i huset.

Tiltalte avviste dette, heilt til ho fekk vete i politiavhøyr at det var funne akonitin i kroppen hans.

–Eg vart lei meg. Eg tenkte at han ønska å forlate meg, svarte kvinna. Ho viste til at mannen hadde verka deprimert på grunn av helseplagene sine.

I retten tysdag avviste han at han hadde forgifta seg sjølv fordi han ønska å døy.

Tøffe år med sjukt barn og mann

Før ho forklarte seg om plantene og gifta, fekk retten høyre om tøffe år i familien. Både mannen og sonen fekk nyresvikt nokre år før. Mannen var også plaga med ryggen, og hadde vondt i beina etter ei trafikkulukke.

Ekteparet kjempa også før dei fekk tilbake sonen sin etter at kvinna var sikta for å ha forgifta han. Saka vart lagt bort i mangel på bevis.

–Å gå konstant redd for at nokon skal ta frå deg ungen din igjen- det tek på.
Kvinna sa det var ei lette å bli fengsla for å kunne kvile seg og sove:

–Akkurat no er det best å vere i fengselet. Eg føler at heile samfunnet er imot meg. Dersom eg får straff for dette, byrjar soninga mi den dagen eg slepp ut.

Torsdag held utspørjinga av kvinna fram, om datasøk etter planter og om bedrageriet mot mannen som ho også er tiltalt for.

Lite datakunnig

Onsdag forklarte den tidlegare ektemannen seg om låna på nesten 1,2 millionar kroner som vart tatt opp i hans namn i åra før han vart innlagd.

Han betalte rekningar i nettbanken med kodar eller bank-ID. Det skjedde stort sett ved kjøkenbordet. Han utelukka ikkje at «andre» kan ha fått med seg innloggingsinformasjonen.

Elles sa han at han ikkje er så datakunnig. Han hadde ein e-postkonto, men brukte den sjeldan.

Tiltalte hadde koden for å låse opp mobilen hans, stadfesta han i retten.

E-postar til fleire kredittselskap med spørsmål om lån var stort sett sende frå tiltalte sin e-postkonto og underteikna av begge ektefellane, eller berre mannen. Låna stod på hans namn.

På mobilen til tiltalte fann politiet at e-postkontoen til mannen hennar var «open» då ho vart pågripen i mai 2020.

Det vart også funne mange SMS-ar med innloggingskoder som påtalemakta knyter til bedrageriet mot fornærma.

Ukjent person utga seg for å vere fornærma

Den tidlegare ektemannen forklarte at han ikkje visste noko om låneopptaka før han fekk fleire telefonar frå inkassoselskap hausten 2019.

Han og tiltalte snakka lite om økonomi, sa han i retten.

Ein telefonsamtale med ein bank året før, vart spelt av i retten.

Personen med mørk stemme presenterer seg om fornærma, oppgir personnummeret sitt og seier han ringjer frå mobilen til kona.

Temaet for samtalen er når eit lån kan bli utbetalt.

Kundebehandlaren seier at dei ikkje kan godkjenne noko lån før fornærma oppgir mobilnummeret sitt.

–Då må eg ringe med eit anna nummer, svarer stemma.

Kundebehandlaren opplyser at det alt er to andre utlegg på namnet hans, så dei må sjå på saka igjen.

Samtalen varer om lag fem minutt.

Fornærma seier i retten at stemma ikkje tilhøyrer han.

–Eg vart sett litt ut. Det der er svindel, rett og slett.

Aktor opplyser at tiltalte har forklart at det kan vere eit familiemedlem og nemner eit namn.

Fornærma seier at det ikkje er vedkomande.

På spørsmål frå aktor om det kan vere tiltalte svarer eksmannen:

– Det kan det vere. Eg veit ikkje, har inga aning.

Bistandsadvokaten spør kva klienten har tenkt om motivet for eventuelt å forgifte han.

–Nei, ikkje anna enn det eg har høyrt om alle låna vi har. Og som eg ikkje visste om, svarer mannen.

Håkon Malm og John Berg

FORSVARAR: Håkon Malm (t.v) og John Berg.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Forsvaret bora i låneopptaka

Fornærma har sjølv tatt opp to lån, til ei campingvogn og ein bil. Desse låna er tilbakebetalte.

Låna på nesten 1,2 million kroner som tiltalte skal ha tatt opp i mannen sitt namn, dukka opp på sjølvmeldingane hans.

Han såg lite eller ingenting på dei, sidan sjølvmeldingane var utfylte på førehand og kom elektronisk.

Forsvarer Håkon Malm brukte mykje tid på dei enkelte låneopptaka, korleis dei skjedde teknisk, med mobil eller datamaskin og liknande.

Fornærma svarte stort sett at han ikkje visste, fordi han ikkje hadde tatt opp låna.

Han gjentok at han heller ikkje er særleg datakunnig og at det var tiltalte som ordna med det meste.

Han har heller ikkje sett noko til låneutbetalingane på sin eigen bankkonto.

Seinare i rettssaka skal etterforskarar og revisor frå politiet gå gjennom alle beslag som gjeld bedrageritiltalen.