I Sør-Trøndelag tingrett er ein mann i 20-åra tiltalt for å ha medverka til bedrageri gjennom nettbanksvindel.
Han har tilstått tjuveri av bank- og kredittkort frå postkassar og at han lånte ut kontoen sin for at svindelen kunne gjennomførast.
– Kontoen din er hacka
Gerd er ein av dei 15 fornærma som er med i tiltalen frå statsadvokaten i Trøndelag. 14. oktober i fjor vart ho ringd opp av «Petter Wikstrøm frå Larvikbanken».
Han fortalde at ho og mannen var innvilga eit lån på 150.000 kroner. Gerd sa ho ikkje hadde søkt om noko lån og at ho ikkje hadde konto i Larvikbanken.
– Då er kontoen din hacka, sa mannen.
Han spurte om dei hadde konto i ein annan bank, for då kunne han hjelpe til med å sperre den.
– Eg vart jo heilt sett ut med tanke på at nokon kunne få tak i sparepengane våre.
Så eg gav opp namnet på banken vi hadde, fortel Gerd til NRK.
Trudde ho fekk hjelp
«Kunderådgjevaren» sa då at han kunne sette over til ein person i den aktuelle banken. Straks etter kom det ein annan person på linja.
Gerd veit ikkje om det var same personen som berre fordreia stemma si. Han sa at dersom han fekk personopplysningar og bank-id så skulle han sikre at kontoane deira ikkje vart tappa.
– Eg fekk inntrykk av at dette må gå fort. Eg visste jo at slike opplysningar ikkje skal gjevast ut på telefon. Men eg var heilt lamma, så han fekk innloggingsinformasjonen for både meg og mannen min, sa Gerd då ho vitna i retten tysdag.
Bankkonto vart tappa for ein million
Han sa også at han skulle sende Gerd ein e-post for å stadfeste det han hadde gjort for å stoppe pengane. Og ho fekk eit telefonnummer ho kunne ringe han på.
Gerd fekk aldri nokon e-post. Eit par dagar etter var kontoen til ektemannen tappa for drygt ein million kroner. Pengane på hennar var ikkje tatt.
Men nummeret ho hadde fått av «kunderådgjevaren» var ikkje i bruk. Då skjønte Gerd at dette var svindel.
– Eg kjenner meg så dum
Nummeret ho vart ringt opp frå starta på 33. Ho visste at det var eit Vestfoldnummer. Ho sjekka og det var registrert på Larvikbanken. I ettertid har ho vorte fortalt at kriminelle kan ordne det slik at det ser ut som dei ringer frå eit anna nummer.
Gerd har alltid vore nøye med å ikkje svare på telefon frå ukjende nummer. At ho let seg lure denne gongen, synest ho er flaut, sa ho i retten.
– Eg kjenner meg så dum.
Millionen som forsvann hadde ektemannen spart frå han var 15 år gamal. Pengar ekteparet skulle kose seg med i pensjonisttilværet.
– Kyniske kriminelle
Få dagar etter svindelen byrja det å kome brev til ektemannen. Det var kredittkort frå bankar og telefonabonnement som var oppretta i namnet hans. Det tyder på at svindlarane har brukt identiteten hans fleire stader.
Gerd fortel til NRK at dei hadde mykje arbeid med å kontakte avsendarane og fortelje at dette var svindel. I retten viste ho til koronasituasjonen i dag og kva følgjer det har for dagleglivet til alle.
– Vi har nesten vore i karantene sidan 16. oktober. Det er forferdeleg at kyniske kriminelle kan øydeleggje slik for eldre menneske. At det finst folk som gjer slikt.
Politiet peiker på ukjende bakmenn
Politiet meiner tiltalte er ein del av eit nettverk der ukjende bakmenn styrer svindelen.
Millionen som forsvann frå sparekontoen til Gerd sin ektemann vart splitta opp på fleire konti, mellom anna til ein namngjeven i Sverige. Men politiet har ikkje greidd å finne vedkomande.
200.000 kroner gjekk til ein konto i norske Spareskillingsbanken. Eigaren av kontoen er ein person på Sørlandet som er sikta og har tilstått bedrageri.
Han vitna i Sør-Trøndelag tingrett fordi han sende ein pakke til tiltalte. Den inneheldt mellom anna kontantar. Tiltalte forklarte i retten at han ikkje visste om pakken før den kom og at han aldri opna den.
Det er fleire offer i nettbanksvindelsaka enn dei som er med i tiltalen. Trøndelag politidistrikt har samarbeidd tett med Sør-Aust politidistrikt der dei fleste av dei femten ofra i tiltalen bur. Det opplyser aktor, politiadvokat Line Novstad Klungreseth til NRK.
Omfattande svindel både i Sverige og Danmark
Ho seier metoden som er brukt i denne saka, er enno meir utbreidd i Sverige og Danmark. Ho meiner det er viktig å opplyse om metodane slik at alle blir meir årvakne når dei blir oppringde.
– Den yngre generasjonen må snakke med foreldra om at kriminelle kan ringe dei. Då må dei ikkje utlevere nokon informasjon, men ringe banken sin for å sjekke om dette er reelt eller svindel, seier politiadvokaten.
Under rettssaka fråfall aktor tre av tiltalepunkta fordi det ikkje er nok bevis for at tiltalte var med på desse. Det betyr at svindelen tiltalte må svare for no er på 2,7 millionar kroner.
Aktor la ned påstand om eit og eit halvt års fengsel.