Hopp til innhold

Gav ordre om skambank: Blodig ran om narkotikagjeld i Trondheim

Inndriving av narkotikagjeld førte til eit blodig og grovt overfallsran i eit hus i Trondheim. Fire menn er dømde til fengsel frå to år og oppover. Mennene nekta straffskuld i retten, men gjorde fleire tabbar som avslørte dei.

Ei øks ble lagt frem som bevis i retten.

ØKSA: Det var den eine tiltala som eigde øksa. Her vart det funne DNA frå ein annan tiltala,forutan blod og DNA frå offeret.

Foto: Politiet

På føremiddagen ein junidag i år troppa tre menn opp heime hos ein av dei fornærma (34). Der budde også ein bekjent (32) av han mellombels.

Det var 32-åringen som skal ha skulda pengar for narkotika han hadde brukt opp. Ifølgje Snapchatsamtaler mellom to av dei tiltalte, dreia det seg om 25.000 kroner. Det avviser fornærma.

Ifølgje tiltalen vart 32-åringen frå Trøndelag slått med øks og batong, stukken med kniv, truga med å få avskore kroppsdelar og at også familiemedlemer kunne bli drepne. Alle dei fire er tiltala for grovt ran og grov vald med særleg farleg reiskap. 32-åringen måtte gje frå seg bankkort og PIN-kodar. Den andre fornærma vart ikkje utsett for vald, men vart også fråteken bankkorta sine.

Snapchatbevis ble lagt frem i retten. Der forteller tiltalte at fornærmede skyller ham penger

NARKOGJELD: Tiltalt skriv til medtiltalt at fornæma skuldar han 25 tusen kroner. "Fisken" er sleng for narkotika. Ber medtiltalt om å ta anna av verdi og sender adressa via Google maps.

Foto: Politiet

Ran og vald med øks, kniv og batong

Han fekk beskjed om at dersom han varsla politiet, ville det som fornærma vart utsett for berre vere «barnematen» mot det dei ville gjere mot han.

Rettssaka gjekk i Sør-Trøndelag tingrett tidlegare denne månaden.

Ein av dei tiltalte (31) vedgjekk i retten at han slo 32-åringen i kroppen og i hovudet med knyttnever og ein batong. Men at det skjedde først etter at fornærma angreip han. Tiltalte sa han var der aleine for å inndrive «eit lovleg pengekrav».Han nekta for å ha vore med på ran. Den fornærma 32-åringen måtte også gje frå seg nøkkel til ein motorsykkel. Nøkkelen vart seinare funne heime hos sambuaren til tiltalte. Overvakingskamera ved to minibankar viser at han freistar å ta ut pengar med kortet til fornærma.

Forklaringa frå tiltalte om at han var aleine med dei to fornærma, slo også sprekker, gjennom teledata, overvakingskamera og forklaringane til dei medsikta.

31-åringen, som bur i Trøndelag, eigde øksa som vart brukt. Retten meiner det var han som hadde den mest sentrale rolla i planlegginga og gjennomføringa av ranet. Han vart dømt til to år og ti månader i fengsel.

Skulle køyrast til Polet

Same straff fekk ein av dei andre tiltalte, ein svensk statsborgar i 40-åra. Han nekta for å ha vore i huset under valden, berre tilfeldig i området. Til politiet peika den tiltalte 31-åringen ut svensken på biletet av dei to frå minibanken på Solsiden i Trondheim. Rett nok kalla tiltalte vedkomande for ein av «danskane» som var i husværet under ranet. Men retten er ikkje i tvil om kven han meiner.

DNA frå svensken er også funne på skaftet på øksa, forutan blod og DNA frå fornærma. Forsvararen meiner klienten kunne ha kome bort i øksa ved eit anna høve. Det utelukkar retten, basert på vitneforklaringar: Øksa vart pakka i plast og berepose og tatt med frå åstaden etter ranet av den tredje tiltalte. Det er ein 31 år gamal litauisk statsborgar.

Han forklarte at han berre skulle ha skyss til Vinmonopolet, men at sjåføren hadde køyrt til åstaden og gått inn. Etter ei stund gjekk tiltalte etter for å finne sjåføren. Synet som møtte han var fleire ukjente personar som slest. Retten har kome til at det ikkje er nok bevis for at han deltok i valden. Men at han var klar over at det var snakk om uoppgjort narkotikagjeld. Tiltalte heldt vakt mens dei to andre banka og truga dei fornærma, meiner retten.Litauaren vart dømt til to år og tre månader i fengsel.

Tiltalte forteller at han har tenkt til å banke forærmede på Snapchat.

SKAMBANK: Tiltalt gir beskjed om at fornærma skal bankast. Og ber medtiltalt om å slette samtalen. Men politiet gjenoppretta Snapchatmeldingane.

Foto: Politiet

Gav beskjed om «skambank»

Valden vart brukt for å få fornærma til å betale og bruken av øks og kniv var brutal, meiner retten.

Den fjerde tiltalte var ikkje til stades under overfallsranet. Men kommunikasjon mellom anna på Snapchat, viser at 34-åringen frå Trøndelag var ein pådrivar, meiner retten. Tiltalte ga beskjed om kvar den fornærma 32-åringen er og at han skal skambankast. Ifølgje fornærma budde han hos den andre, fordi han frykta å bli utsett for vald. Den fjerde tiltalte var klar over at det var fleire saman om overfallet. Men retten har ikkje funne bevis for at han engasjerte dei tre andre som «torpedoar».

Sør-Trøndelag tingrett dømte fjerdemann til to års fengsel for medverknad til grovt ran.

Alle fire må betale i alt 80.000 kroner i oppreisning til den eine fornærma.

Tre av dei er tidlegare dømde for ran, vald eller narkotikakriminalitet.

Mannen som var sjåfør for dei tre til og frå åstaden, var også sikta, før saka mot han vart lagt bort. Forklaringa hans om kvar han køyrde dei , stemmer med opptak frå overvakingskamera frå butikkar og minibankar i timane etter ranet.

Fornærma endra forklaring i retten

Det var den eine fornærma (34) som sjølv ringde til AMK og politiet.

Men då 34-åringen vitna i retten, hadde han ein heilt annan versjon av kva som hadde skjedd. Bilete frå åstaden viste mykje blod. I retten sa han at han ikkje kunne hugse at det var særleg mykje blod.

I domen står det at retten ikkje kan fastslå kvifor fornærma endra forklaring, og:

I lys av de strenge beviskrav som gjelder i straffesaker, har retten ikke grunnlag for å fastslå at de tiltalte har kontaktet ham (fornærma, red.merknad) for å endre forklaring.

Alle fire kjem til å anke domen, får NRK opplyst. Ein ny runde er alt fastsett i Frostating lagmannsrett i mars neste år.