Hopp til innhold

Gasskraftverk til 1,5 milliardar

Eit kombinert bio- og gasskraftverk på Skogn vil koste staten over 1,5 milliardar kroner.

Pressekonferanse Industrikraft Midt-Norge
Foto: Dagsrevyen / NRK

Sjølv om dette blir dyrt for staten, løner det seg for samfunnet, meiner dagleg leiar i Industrikraft Midt-Norge, Johan Hovland.

- Dette er eit samfunnsøkonomisk lønsamt prosjekt. Om vi bygger eit slikt kraftverk, kan vi blåse av kraftkrisa i Midt-Noreg. Vi får ein miljøvenleg produksjon av biogass og vi får eit røyr inn Trondheimsfjorden, som kan gi næringsutvikling i området, sier Hovland til NRK.

Nok til Trondheim by

Industrikraft Midt-Norge presenterte dei nye planane sine på ein pressekonferanse i Oslo onsdag. Gasskraftverket dei ønskjer å bygge på Skogn skal vere eit kombinert bio- og gasskraftverk.

Dei nye planane på Skogn skal tilpassast den aktuelle kraftsituasjonen i Midt-Noreg, som manglar minst 9 milliardar kilowatt-timar for å greie det venta forbruket framover. 

Det vil ta tre og eit halvt år å ferdigstille gasskraftverket, men når det er ferdig vil det produsere nok kraft til å forsyne Trondheim by.

- Dette vil vere nok til å avblåse kraftkrisa i Midt-Noreg, seier Hovland.

Satsar på biobrensel

Skogn fekk konsesjon frå den forrige regjeringa til å byggje eit gasskraftverk utan CO2 reinsing frå dag ein. Det allereie planlagte gasskraftverk på Kårstø vil sleppe ut omlag 1 million tonn CO2, men Skogn vil sleppe ut mindre enn dette, forklarar Hovland.

- Det vil bli sloppe ut kring 600 tonn CO2 frå det kraftverket vi planlegg.

Gasskraftverket skal kombinerast med eit kraftverk drive av biobrensel. Biokraftverk er eit av regjeringa sine statsingsområde, og eit slik kraftverk på Skogn vil føre til betydeleg støtte frå staten.

Men biokraftverket vil berre vere ein tidel av storleiken på sjølve gasskraftverket.

- Dette er eit stort kraftverk i utgangspunktet. Eit biokraftverk med storleik som eit halvt Altakraftverk vil gi høg bioproduksjon, så det er ikkje prosenten, men storleiken det kjem an på, seier Hovland.

Bak planen til Industrikraft Midt-Norge står Elkem, Norske Skog, Statoil, Nord-Trøndelag energiverk og Trondheim energiverk.

Les også: Nye gasskraftverkplanar på Skogn