Fosen Mek har vore etterforska av Økokrim mistenkt for urettmessig å ha skaffa seg verftsstøtte ved å oppgi gale opplysningar, men saka vart lagt bort etter bevisets stilling.
No har Fosen tatt ut sivilt søksmål mot staten, og krev å få utbetalt 78 millionar kroner i verftsstøtte.
Ønskjer kompromiss
Tysdag ettermiddag gav Næringsdepartementet ei orientering i saka. Næringsminister Ansgar Gabrielsen vil helst forhandle før han kan etterbetale verftsstøtta.
- Dersom vi ikkje vert samde, vert saka ført vidare for domstolane, seier Ansgar Gabrielsen.
Næringsministeren antyder eit kompromiss der Fosen Mek. vil få eit lågare beløp enn det verftet krev.
Ja frå Fosen
FMV og pressetalsmann Reidar Gullesen seier i ettermiddag ja til eit møte med Næringsministeren.
- Vi hadde sjølvsagt vona at statsråden hadde sagt at departementet ville utbetale dei pengane vi meiner vi har rettmessig krav på. Når det ikkje skjedde, er det flott at næringsministeren vil møte oss. Det er det mest fornuftige han kunne ha gjort. Men stevninga står ved lag dersom det ikkje vert noko løysning.
Samtalene mellom partene skal kome i gang i slutten av mars.
Ikkje enkelt
Næringsdepartementet har fleire omsyn å ta når det skal vurdere eit forlik med Fosen.
- Det er to hovudomsyn vi må leggje vekt på, EØS-regelverket og presedensverknaden for andre skipsverft som har hatt liknande revisormerknader som Fosen. Det kan bli snakk som millionbeløp, seier Gabrielsen.
Ingen nye oppdrag
Situasjonen for Fosen Mekaniske Verksteder er vanskeleg. Verftet er klar til å overlevere sitt siste byggeoppdrag hurtigruteskipet "Midnatsol". Etter dette har verftet ingen nye oppdrag.