Hopp til innhold

Melby: – Avgjerda om å gjennomføre munnleg eksamen står seg framleis

Regjeringa vil framleis gjennomføre munnleg eksamen, men utelukkar ikkje at det kan kome endringar kort tid før eksamensstart.

Venstreleiar Guri Melby

Kunnskapsminister Guri Melby (V).

Foto: Torstein Bøe

Tysdag ettermiddag hadde kunnskapsminister Guri Melby (V) eit møte med representantar frå fylkeskommunane om munnleg eksamen.

– Avgjerda om å gjennomføre munnleg eksamen står seg framleis, seier ho til NRK etter møtet, og utdjupar:

– Det er smittevernsituasjonen som avgjer gjennomføringa av eksamen, og vi jobbar kontinuerleg med å følgje den tett.

Ho understrekar at det framleis kan kome endringar. Men at det per no er forsvarleg å gjennomføre eksamenane.

– Det oppfattar eg også at dei fleste skuleeigarane melder om at det er. Men vi følger sjølvsagt situasjonen nøye fram mot eksamen. Vi har under heile pandemien sagt at vi må ta nye vurderingar dersom situasjonen endrar seg, seier Melby.

I starten av juni skal dei første avgangselevane på vidaregåande skular etter planen opp til munnleg eksamen.

Alle fylkesordførarar og fylkesrådsleiarane i Noreg meiner no at desse eksamenane må bli avlyst.

Fleire kommunar har vurdert å avlyse munnleg eksamen, mellom anna Oslo. Men det er regjeringa som har siste ord.

Ber Melby om å vise skjønn

I går sa Guri Melby at manglande undervisning ikkje gjev godt nok grunnlag til å avlyse eksamenar.

– Ein kan ikkje bruke opplæringssituasjonen gjennom året som grunn til å avlyse eksamen, sa ho.

Fylkesordførar i Trøndelag, Tore O. Sandvik meiner derimot at Melby kan gjere det.

– Vi ber ikkje Melby om å lese lovboka, men om å bruke politisk skjønn, seier han.

Han meiner det er urettferdig for elevane å måtte gjennomføre munnleg eksamen på vidaregåande skular no.

– I enkelte deler av landet har det vore stengt i lang tid. Vi har hatt ulikt grunnlag for opplæringa. Det vert ikkje opplevd som rettferdig at ein skal ha munnleg eksamen for alle elevar når det har vore så ulikt grunnlag, seier Sandvik til NRK.

Tore O. Sandvik

FRYKTAR VENTEKARANTENE: Fylkesordførar i Trøndelag, Tore O. Sandvik (Ap), fryktar at mange avgangselevar vil hamne i ventekarantene og gå glipp av munnleg eksamen.

Foto: Bent Lindsetmo

Fryktar mange må «konte»

Fylkesordføraren i Trøndelag fryktar at mange vil hamne i ventekarantene og gå glipp av munnleg eksamen. Han trur det igjen vil føre til kapasitetsproblem rundt «kontinga», som igjen vil føre til at fleire ikkje får tatt opp att eksamen før etter Samordna opptak 20. juli.

– I verste fall kan vi då risikere at enkelte som vert tatt opp i høgare utdanning til hausten må seie frå seg plassen sin sidan dei gjer det for dårleg, seier han.

Utfordringane rundt å halde eksamen og utsett eksamen vart diskutert på dagens møte fortel Melby.

– Der det kom fram at det kan vere utfordringar rundt å halde eksamen, men også utfordringar rundt det å få til å halde utsett eksamen så raskt som mogleg, særleg på stader der mange er i karantene. Men alle sa også at dei skal klare å gjennomføre eksamen, og det er eg veldig glad for, seier ho.