Hopp til innhold

Meiner regjeringa gjer feil i å løyse opp samanslåtte fylke

Fylkesordførar Tore O. Sandvik (Ap) i Trøndelag meiner regionreforma bør bli reparert, ikkje reversert.

Fylkesordfører Tore O. Sandvik (Ap)

VIL STYRKE FYLKA: Fylkesordførar Tore O. Sandvik (Ap) i Trøndelag.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Dei 19 fylka som var slått saman til 11 under Solberg-regjeringa si regionreform rakk så vidt å legge bak seg bryllaupsreisa før det vart snakk om skilsmisser.

I Hurdalsplattforma lovar Ap-SP-regjeringa å løyse opp at dei fylka som vil det.

Fylkesordførar Tore O. Sandvik (Ap) i Trøndelag meiner regjeringa er på ville vegar.

Han meiner staten heller bør prioritere å flytte oppgåver og makt til folkevalde i fylka, i staden for å reversere samanslåingar.

– Vi må gjere fylkeskommunane meir relevante, seier Sandvik.

Ulike syn på kva som styrker demokratiet

Senterpartipolitikar Olav Lundteigen representerer Buskerud på Stortinget. Han jobbar for å løyse opp Viken og få tilbake dei gamle fylka Akershus, Buskerud og Østfold.

– Kjernen i denne saka er å bygge demokratiske fellesskap som er slik at dei som engasjerer seg kan sjå at dei gjer ein forskjell, seier han.

Lundteigen meiner ein får meir demokrati om makta vert delt mellom fleire og mindre fylke.

– Folk i Buskerud har ikkje mykje til felles med Østfold. Ein kjenner seg ikkje igjen i det som blir tatt opp i Viken fylkesting frå Østfold. Dette fører til at det blir eit ekspertstyre med nokon langt vekke, seier han.

Per Olaf Lundteigen i Loppa

Per Olaf Lundteigen (Sp).

Foto: Eirik Hind Sveen / NRK

Meiner små fylkeskommunar er mindre synlege

Sandvik er ueinig med Lundteigen i at det å løyse opp fylke som Viken i tre mindre fylke vil føre til meir demokrati, kanskje heller tvert om.

– Ved førre fylkesting i Østfold var det under 50 prosent som stemte. Det var ikkje fordi det var dårleg politikk som vart presentert, men fordi det forsvinn i offentlegheita fordi dei ikkje hadde nok makt, myndigheit og oppgåver, seier Sandvik.

– Det er eg heilt eining i, svarar Lundteigen.

Men han meiner fylkeskommunen først og fremst må vere noko som folk kjenner seg igjen i.

– Det tar vi omsyn til og etablerer Buskerud. Så kjem den viktige oppgåva, som er korleis vi kan gjere Buskerud fylkeskommune meir aktuell, seier Lundteigen.