Funnen skuldig i korrupsjon

Ein næringslivsleiar i Stjørdal er funnen skuldig i korrupsjon og økonomisk utruskap.

Christian Wiig

Advokat Christian Wiig forsvarar 51-åringen.

Foto: MMS-foto: NRK

Mandag føremiddag blei ein 51 år gamal næringslivstopp dømt til tre år og seks månaders fengsel i Stjør- og Verdal tingrett. Eitt år og seks månader av straffa blei gjort til fengsel på vilkår.

Retten tok ikkje omsyn til helsesituasjonen til den 51 år gamle mannen. Men grunna krevjande omsorg for familien blei delar av straffa gjort til fengsel på vilkår.

Ankar saka

51-åringen anka saka til Frostating lagmannsrett rett etter at dommen blei klar.

– Det blir for krevjande for hans kone å ha omsorg for begge barna, så vi meiner dommen er for streng og står fast ved 360 dagar samfunnstraff, seier forsvararen hans Christian Wiig til NRK.

Det var tingrettsdommar Kjell Åke L. Andresen som las opp domen klokka 1000. Det gjekk tidleg fram av domen at tiltalte var funnen skuldig i ei rekkje postar i tiltalen.

3,1 millionar kroner

Screen Communication, logo

Mannen, som blei dømt, var tidlegare eigar av Screen Communication.

51-åringen var tiltalt for korrupsjon og underslag mot sitt eige firma Screen Communication AS

Stjør- og Verdal tingrett dømte han for tolv tilfelle av økonomisk utruskap. Det økonomiske utruskapet er rekna ut til ein verdi av 3 147 000 kroner mot Screen Communications.

Retten meiner også at mannen har latt vere å bokføre 2 920 000 kroner og at han har unntatt 566 000 kroner frå momsskattelegging. Dette skal ha skjedd i perioden frå 1999 til 2006.

21 tilfelle av korrupsjon

51-åringen har heile tida nekta for å ha drive med korrupsjon. Stjør- og Verdal tingrett fann han derimot skuldig i 21 tilfelle av korrupsjon.

Retten meiner han har smurt ei rekkje beslutningstakarar med dyre flatskjermar og andre gåver.

Mannens forsvarar bad om 360 dagers samfunnsstraff og 60 dagers fengsel utan vilkår. Aktor la ned påstand om fengsel i tre år og ni månader, med eitt av åra til fengsel på vilkår.

Video fra Trøndelag

Marihøna barnehage har trolig arrangert jul på låven for siste gang. Kampflystøy og konflikt om erstatning preger Ørland i adventstida.
Julestemning for store og små.
Rekordmye regn førte til store problemer i hele Trøndelag. Ras stengte blant annet E14 mellom Stjørdal og Storlien , og i Selbu ble mer enn 400 personer isolert da veien ble sperret av skred.