Hopp til innhold

Fullt hus for Jakob Pinade

"Jakob Pinade med Litjfoten" trakk over 1 200 tilskodarar på premieren av "Den Siste Viking" i Rissa torsdag kveld.

"Den Siste Viking" 2007
Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / NRK

Det var både spenning og glede på Stadsbygd i Rissa under gårsdagens premiere av "Den Siste Viking".

Få ord frå Toralv Marustad, som spelte Johan Bojers figur, "Jakob Pinade med Litjfoten", skulle til for å sette stemningen i amfinet på Stadsbygd.

Det har gått to år sidan Johan Bojers roman sist blei dramatisert ved Museet Kystens Arv.

Stykket handlar om kvardag og slit, og ikkje minst korleis dagane var for både dei som blei igjen heime, og dei som reiste på Lofotfiske.

Godt nøgd

Nora Evensen har regien på stykket. Ho var både glad og nøgd etter stykket.

- Det var heilt fullt i amfiet. 1 200 mennesker er mange. Eg syns alle skodespelarane glimta til, og då er det herleg å sitte å sjå på, seier Evensen.

Det same syns museumsdirektøren.

- Vi er veldig letta no. Dette gjekk over all forventing. Vi var trygge på gjengen, men det kan alltid skje noko, men dette gjekk eitt hundre prosent i boks, sier Bernt Brevik til NRK Trøndelag.

I tillegg til Toralv Maurstad har både Erik Wenberg Jacobsen, Arne Reitan og Andreas Gjermstad rollar i stykket.

Maurstad med fosendialekt

Musikken i framsyninga er skriven av Knut Andreas Vestad og skodespelarane er både amatørar og profesjonelle.

Før framsyninga var det knytt spenning til om Toralv Maurstad ville greie å lære seg, ikkje berre trøndersk, men også fosendialekt.

- Det går mykje i koinn og skoill, her, der og villa, så det er mykje å halde kontroll på etter berre fjorten dagar, men eg syns det gjekk fint, seier Toralv Maurstad til NRK Trøndelag. 

Han legg til at det har vore ein morsom og takknemleg rolle.

- Eg gledar meg til å gjere dette fleire gongar, slik at eg blir trygg i rollen og kunne legge på litt meir. Dette var ei stor oppleving for meg, seier Maurstad.

 

"Den Siste Viking" 2007

Det var full i amfiet på Stadsbygd under premieren.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / NRK