Hopp til innhold

Storskarven får sjøleilegheit i Trondheim

Trondheim hamn bygger landets største hekkeplattform for sjøfugl.

Hekkeplass for skarv Trondheim

Idyll skal det bli med kommunal hjelp for storskarven som oppsøker Trondheim.

Foto: Helene Solheim / NRK

No har sjøfuglen Storskarv begynt å bevege seg frå varmare strøk, og da må den ha ein

Storskarv på Brattøra

Storskarv fotografert på Brattøra i Trondheim.

Foto: Kjell Rabben

plass å hekke. I år har Trondheim bestemt seg for å hjelpe litt til, for å få skarven til å slå seg ned i Nidarosen.

Der bygger kommunen ein eigen hekkeplattform ute i sjøen i hamneområdet.

Gamle Skarveplassar forsvann

Det gjer kommunen med litt dårleg samvit. For tre år sidan måtte nemleg hamnevesenet fjerne ein etablert fristad for skarvane i byen, nokre solide jernpålar frå krigens dagar.

På dei hadde skarvane slått seg ned i mange år. No når dei er borte, ville kommunen lage eit alternativ.

Bygger hekkeplass for fugler i Trondheimsfjorden

Trondheim hamn bygger landets største hekkeplattform for sjøfugl.

Storskarven blir raskt færre

For tjue år sidan var det i Norskehavet nesten 50 000 skarvepar. No er dette talet kraftig redusert, til 15 000 - 20 000.

Noreg har nesten halvparten av den europeiske bestanden av denne vakre, svarte sjøfuglen, som her i landet hekker frå Trøndelag og nordover.

Storskarven set bu på holmar og i klippar langs heile den nordlege kysten.

Anleggsfolk på hekkeplass Trondheim

Fornøgde folk ute på arbeid, Tor Erik Svorkås prosjektleiar, og Knut Gunnar Knutsen.

Foto: Helene Solheim / NRK

Kommunalt miljøtiltak

No er håpet at skarven skal slå seg ned bynært ved Trondheim også i framtida, håpar prosjekleiar for hekkeplattforma, Tor Erik Svorkås.

– Når fuglane er i området og har brukt det som miljø for hekking gjer vi dette, for vi vil ha dei her, seier Svorkås.

Sikkerheita for båttrafikken har vore ei sak i samband med den nye hekkeplattforma.

– Vi kunne ikkje sette opp lys det ville forstyrra fuglane, så valet vart refleksar så når båtane kjem med lysa sine som dei skal ha om natta, skal dei sjå installasjonenen på den måten, seier prosjektleiaren i kommunen.

I alle fall har Trondheim fått ein ny attraksjon: Noregs største kommunale hekkeplattform for sjøfugl.

Hekkeplass for sjøfugl på sjøen

Her kan det bli mange reirplassar, håper dei som no førebur den første hekkesesongen for storskarv og annan sjøfugl på Være i Trondheim.

Foto: Helene Solheim / NRK