Hopp til innhold

Fryktar nye ras

Vegen ved Grønningen i Agdenes stengt på ny.

Klokka 17.23 stengte politiet vegen på ny.

Vegen er stengt ved Grønning like ved Kalurdaltunnen før Lensvik frå Orkdal.

Politiet held vegen stengt til geologane er ferdig med vurderinga av staden. framleis heng det ei stor steinblokk som trulig må fjernast før Statens vegvesen kjem til å opne vegen igjen.

Politiet fekk melding om raset klokka 15.23 og stengde vegen for trafikk klokka 15.52.

- Vi fryktar nye ras. Geologen trur det kan kome til å rase på ny. Vi reknar det ikkje lenger som trygt å fersast her, seier operasjonsleiar i Sør-Trøndelag politidistrikt Birgit Monsås.

Valte å opne

Politiet valte etter ei stund å opne vegen etter raset. Men no er altså vegen stengt på ny.

- Vi har opna den eine feltet på vegen. Raset var ikkje så stort at vi må dirigere trafikken forbi staden, sa Monsås eit par timar etter raset..

Klokka 16.46 vart vegen opna for trafikk.

Det har vore meldingar om kø på staden, men i følgje politiet utgjorde det ikkje noko problem då vegen opna igjen.

- Trafikken her er ikkje så stor, og sjølve raset var heller ikkje så stort. Vi vurderar det som trygt å la trafikken passere. Ein geolog er på veg for å vurdere kva som vert gjort vidare, seier Monsås.

Politiet fekk melding om raset klokka 15.23 og stengde vegen for trafikk klokka 15.52.

Ingen skal vere skadd etter steinraset.