NRK Meny
Normal

Fryktar at familiejordbruket forsvinn

Bondelaget er svært kritisk til at regjeringa i går vedtok ei ny forskrift der det blir opna for at aksjeselskap kan eige gardsbruk. Dette skjer stikk i strid med råd frå både Bondelaget og fylkesmenn rundt om i landet.

Trøsking av korn i Steinkjer.

Landbruket i Noreg er tufta på familien, og at gardar går i arv frå generasjon til generasjon. No opnar regjeringa for at aksjeselskap kan eige gardsbruk utan at det står personar bak.

Foto: Tariq Alisubh

Asbjørn Helland

Asbjørn Helland, leiar i Nord-Trøndelag Bondelag.

Foto: Rita Kleven/NRK

Leiaren i Nord-Trøndelag bondelag, Asbjørn Helland, seier at dette på sikt vil føre til ei endring frå familielandbruk til selskapslandbruk. Helland meiner det er feil at denne saka berre vart handsama av regjeringa og ikkje i Stortinget.

– Statsråd Listhaug veit at ho ikkje har fleirtal for dette i Stortinget. Likevel gjennomfører ho store, landbrukspolitiske endringar, seier Helland.

– Butikkjeder kan eige gardar

– Ved å opne for at aksjeselskap kan eige og drive gardsbruk, utan at det står personar bak, kan eigarstrukturen bli uthola, meiner Helland.

I dag kan eit aksjeselskap drive ein gard, men da skal enkeltpersonar stå som eigarar av selskapet, ikkje andre aksjeselskap.

– Med denne endringa som no er gjort, opnar ein for at til dømes butikkjeder som Rema og Norgesgruppen kan kjøpe gardsbruk og ha kontroll med heile verdikjeda frå jord til butikk. Da går vi bort frå dagens modell med sjølvstendige og sjølveigande bønder, og det familiejordbruket vi kjenner, seier Helland.

– Ikkje godt nok utgreidd

Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag.

Foto: Norges Bondelag

Også leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, er kritisk til forskrifta som opnar for aksjeselskap på gardsbruk. Bartnes meiner den nye forskrifta ikkje er godt nok utgreidd før ho vart vedtatt av regjeringa i går.

– Når fleirtalet av fylkesmenn og fleire store landbrukskommunar er negative til desse endringane, og regjeringa likevel vel å gjennomføre forslaget, stiller vi spørsmål ved regjeringas evne til å lytte, seier Bartnes.

Han meiner å sjå det same mønsteret i fleire saker: landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) kjem med forslag som gir store endringar for landbruket, utan at konsekvensane er tilstrekkeleg vurdert, og kor fleirtalet av høyringsinstansane er kritiske.

– Likevel opprettheld ministeren det opphavlege forslaget, seier Bartnes og peikar på prosessen rundt dobling av konsesjonsgrensa for kylling og kalkun, noko som nettopp er vedtatt.

Video fra Trøndelag

Det er julebordstid, og uhell kan skje, skal vi tro tannlegene...
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.