Hopp til innhold

Frp-topp: - Skyt bjørnen!

Fylkespolitikar Endre Skjervø oppfordar innbyggarane i Nord-Trøndelag til å skyte bjørn.

Bjørn
Foto: Per Løchen, NTB Pluss

Skjervø meiner at regjeringa opptrer så hårreisande i rovdyrspørsmålet og oppfordrar nordtrønderane til sivil ulydnad.

- Ta fram børsa og skyt. Sauebøndene kan ikkje lenger finne seg i ha alt ansvar åleine, samstundes som forvaltinga i realiteten har tatt frå dei mulegheita til å forsvare dyra sine, seier Skjervø til Trønder-Avisa.

Kan ikkje vente lenger

Skjervø, som representerer Framstegspartiet , står trufast ved sauebøndene i Trøndelag si side. Han veit at det er alvorleg å oppmode til opprør mot regjeringa.

- Styresmaktene viser total hjelpeløyse og då må vi handle sjølv, seier Skjervø til avisa.

Han har mista trua på regjeringa og viser til at miljøvernminister Helen Bjørnøy og landbruksminister Terje Riis-Johansen for over ein månad sidan lova nye retningslinjer i forvaltninga.

Propaganda av Frp

Fylkesleiar i Senterpartiet i Nord-Trøndelag , Erik Seem, har lita tru på at sivil ulydnad fører fram.

- Dette er berre propaganda av Framstegspartiet , seier Seem til Trønder-Avisa.

Han meiner alle må følgje spelereglane, sjølv om ein ikkje har tru på forvaltingssystemet i Noreg.