Hopp til innhold

Frp forsvarar skatteauke

Skjervø vil auke skatten for å gi ei god eldreomsorg om det blir nødvendig.

Endre Skjervø
Foto: Frp

- Om det skulle kome til det er eg villig til å auke skattane for å gi ei god eldreomsorg. Alle har rett til det. Men eg trur neppe vi kjem dit, seier Skjervø.

På NRK Trøndelag sitt folkemøte i Stjørdal i dag innrømma Skjervø at han kan akseptere skatteauke for å betre eldreomsorga. Likevel gjekk han i strupen på kulturminister Trond Giske frå Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag.

- Regjeringa har svikta

- Dei raudgrøne seier dette er eit val mellom skattelette og meir omsorg. Det Giske seier er sprøyt. Om han hadde meint det han seier hadde vi hatt ei betre eldreomsorg.

Og Skjervø får støtte frå private aktørar. Grethe Enlid driv Ringvål sjukeheim som er eit privat omsorgsenter i Trondheim. Ho føler ho kjempa lenge om aksept frå Trondheim kommune sine politikarar.

Føler seg avvist

- Det er ein kamp kvar dag. Trondheim kommune er vanskelig å samarbeide med, og det er vanskelig å få dei til å innsjå at det trengs. Kommunen meiner dei ikkje har behovet. Vi tilbydde kommunen fire gratis plassar i Trondheim som det vart takka nei til.

Giske påpeikar at Arbeidarpartiet ikkje er mot private sjukeheimar, men er i mot kommersiell verksemd i eldreomsorga. Han meiner Trondheim kommune allereie samarbeidar med fleire frivillige sjukeheimar i byen som driv på idealistisk grunnlag.

- Til sjuande og sist skal dei private tene pengar. Det går kaldt nedover ryggen på meg når Frp fråskriv seg ansvaret for private sjukeheimar som er dårlige. Vi politikarar skal ta ansvaret, seier Giske