Hopp til innhold

Frøyatunnelen stengt etter ulukke

To motorsyklistar sklidde og køyrde av vegen i Frøyatunnelen like etter klokka 13.30 onsdag ettermiddag. Det er mykje væske i vegbana, som kjem frå ein lastebil. Det skal ha kome gnistar frå lastebilen, men det var ikkje snakk om noko brann, ifølge brannvesenet.

– Tunnelen er stengt, og vil bli det ei stund, fordi vegbana er svært glatt, fortel operasjonsleiar Wenche Johnsen i Trøndelag politidistrikt til NRK.

Kø ved Frøyatunnelen
Foto: Jøte Toftaker / NRK