Hopp til innhold

To alvorleg skadde etter frontkollisjon på E6

Fire personar er frakta til sjukehus etter at ein personbil og ein varebil med campingvogn kolliderte front mot front på Mule i Levanger.

Fire personar er frakta til sjukehus etter at ein personbil og ein varebil med campingvogn kolliderte front mot front på Mule i Levanger.

Ein personbil og ein varebil med campingvogn kolliderte front mot front.

Frontkollisjon Mule

NAUDETATAR PÅ STADEN: Fire personar er blanda inn i ulukka.

Foto: Terje Næss

Klokka 08.20 fekk politiet melding om ein frontkollisjon på Mule i Levanger like ved gjenbrukstorget. Fire personar var involverte i ulukka, to i kvar bil.

– Den eine mannen i 20-åra var frå Fauske og køyrde personbilen. Han har no blitt fråteke førarkortet for å ha køyrt i feil køyrefelt. Han er lettare skada, seier operasjonsleiar Rune Reinsborg i Nord-Trøndelag politidistrikt til NRK.no.

Dei to personane som blei alvorleg skada er ei kvinne i 50-åra og ein mann i 30-åra frå Drammen. Begge to er innlagt for behandling på sjukehuset i Levanger. Den fjerde personen er ei kvinne frå Fauske, ho er lettare skada.

Måtte få hjelp av brannvesenet

Under redningsoppdraget var politiet avhengig av hjelp frå brannvesenet.

– Det blei både klipt og trekt i bilane for å få personane ut. Den fyrste personen fekk vi ut klokka 09.05 og den siste var ute klokka 09.35, seier Reinsborg.

To av personane er alvorleg skadde, seier Kasper Tronstad, politibetjent på staden.

Ifølgje politiet har den eine personen som sett i den blå varebilen alvorlege brotskadar. Dei kan ikkje seie noko særskilt om skadane til dei andre to involverte, men viser til det faktum at det er 70 km/t på staden.

Store materielle skadar

Det er store materielle skadar på begge bilane som var involverte i ulukka, og det blir no gjort bilberging på staden. Brannvesenet starta ryddinga klokka 09.04.

– Den eine bilen med campingvogn hadde størst skadar, seier Nikolay Vatne ved 110-sentralen i Nord-Trøndelag.

Vegen er no opna på staden.

SJÅ INTERVJU MED POLITIET PÅ ULUKKESSTADEN:

Fire personar er frakta til sjukehus etter at ein personbil og ein varebil med campingvogn kolliderte front mot front på Mule i Levanger.