I Trøndelag tingrett vart kvinna frifunnen, men statsadvokaten anka på lovbruken. No har Frostating lagmannsrett avvist anken.
Kvinna, som var nybakt mor, kom tilbake til huset etter ein trilletur, som også mor hennar og familiehunden var med på.
Køyrde to kilometer med hunden på slep
Spedbarnet skreik og var mykje plaga med vondt i magen, fortalde kvinna i retten. Sjølv hadde ho søvnproblem og var svært sliten.
Ho festa hunden til tilhengjarfestet på bilen ved huset og skunda seg inn med babyen. Like etter kom mor hennar inn, og dei snakka ikkje noko om kvar hunden var.
To timar seinare køyrde tiltalte for å hente den andre ungen sin som var i barnehagen, om lag to kilometer unna.
Då ho kom fram, oppdaga ho hunden som låg i bandet sitt på vegen bak bilen.
Hunden døydde som følgje av skadane.
Frifunnen på grunn av omstenda
Kvinna vart tiltalt for brot på dyrevelferdslova ved å etterlate eit dyr i hjelpelaus tilstand.
I tingretten la aktor ned påstand om fengsel på vilkår og ei bot på 10.000 kroner.
Dei tre dommarane var samde om at det var uforsvarleg å ikkje forsikre seg om at hunden var løyst frå tilhengjarfestet før ho sette seg i bilen.
To av dei tre dommarane meinte handlinga var aktlaus, men ikkje grovt aktlaus, slik lova krev for å døme. Dermed vart tiltalte frifunnen, mot stemma til fagdommaren i mindretal.
Tingretten meinte kvinna ikkje kunne lastast for at ho ikkje sjekka at hunden var tatt hand om av mora, og låg på plassen sin i stova.
«Hunden ligg vanligvis rolig på sin faste plass inne i huset, og det var derfor ikke merkverdig for tiltalte at hun ikke hadde lagt merke til om hunden var i huset eller ikke», skreiv tingretten.
Statsadvokaten anka lovbruken til lagmannsretten.
AKTOR: – Tingretten gjorde ei ufullstendig vurdering og la for mykje vekt på personlege forhold hos tiltalte, sa politiadvokat Amund Sand i lagmannsretten.
Foto: Tariq Alisubh / NRKSvekka merksemd på grunn av babyen
Den tiltalte tobarnsmora var sterkt prega då ho forklarte seg for Frostating lagmannsrett førre veke. Fleire gonger tok ho til tårene i vitneboksen.
Ho fortalde om den tøffe tida etter fødselen, om smerter, underskot på søvn, manglande konsentrasjon og ein baby som skreik mykje.
Dagen før den fatale bilkøyringa hadde mor hennar kome for å hjelpe til i heimen.
I lagmannsretten fortalde tiltalte også at verken ho eller mannen pleide å binde hunden til tilhengjarfestet. Men den dagen gjorde ho det, for å ta seg av babyen.
Lagmannsretten meiner tiltalte skapte ein svært farleg situasjon for hunden, og at handlinga er svært alvorleg.
På den andre sida var det vanskeleg for tiltalte å fokusere på noko anna enn babyen. Omstenda gjer også at terskelen for kva som er grovt aktlaust må vere høgare, meiner lagmannsretten:
«Holdt opp mot de konkrete omstendighetene – at hunden ikke var synlig for henne der bilen sto parkert, og at hun oppfattet det slik at hennes mor skulle ta med hunden inn i huset – er (N.N. tiltaltes) uaktsomhet derfor ikke å anse som grov.»
Anken frå påtalemakta vart derfor forkasta av lagmannsretten. Det betyr at dommen frå tingretten blir ståande og kvinna er frifunnen.
FORSVARAR: Jon Reidar Aae seier saka har vore ei stor belastning for tiltalte.
Foto: Joar Elgåen / NRK– Ei stor belastning for tiltalte
Det er no opp til påtalemakta å avgjere om saka skal ankast til Høgsterett.
Statsadvokat Jarle Wikdahl har så vidt lese gjennom dommen når NRK snakkar med han onsdag.
– Viss vi ankar til Høgsterett blir det på lovbruken, sidan det ikkje er usemje om kva som har skjedd, seier Wikdahl.
Forsvarar Jon Reidar Aae seier at tiltalte er letta.
– Resultatet er gledeleg for klienten min og ho håper inderleg at Statsadvokaten ikkje ankar vidare, seier Aae.
Saka har vore ei stor belastning for henne og resten av familien. Å miste ein hund på ein slik måte er ekstra tungt, seier forsvararen.
Dette var den andre saka på to månader i Trøndelag der ein hund vart slept etter ein bil ved eit uhell.
I februar vart ein mann dømt til fengsel på vilkår i 15 dagar og ei bot på 10.000 kroner. Hunden hans fekk også skader, men overlevde køyreturen.