Hopp til innhold

Fred og forsoning på rådhuset

Etter rådmannavgangen var det harde ord mellom Ottervik og Brox. No ser det ut til at stridsøksa er gravd ned.

Montasje

VENNER IGJEN: Gruppeleiar i Høgre, Yngve Brox, og ordførar Rita Ottervik (Ap) har funne att den gode tonen.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Det kjennest som ein normal på rådhuset igjen, seier gruppeleiar Yngve Brox i Høgre.

Harde ord etter avgang

Onsdag førre veke valde rådmann Snorre Glørstad å gå av etter at Yngve Brox skulda han for løgn i eit intervju i Adresseavisen 15. juli. Rita Ottervik kritiserte Brox for å ikkje forstå si rolle som bystyremedlem og arbeidsgjevar.

– Då er vi veldig ueinige, sa Brox til det. Han meinte det var godt dei begge hadde litt ferie, så dei var borte frå kvarandre ei stund.

I dag var begge tilbake på plass på formannskapsmøte, og det såg ut til å vere fred og forsoning mellom dei.

God tone

– Det som er viktig for oss er å skille sak og person. Det er riktig å vere ueinige, men ein kan likevel ha ein god omgangstone, seier Rita Ottervik.

Ho slår fast at dei fleste sakene i bystyret og formannskapet blir einstemmig vedteke, og at dei begge er for ei positiv utvikling av Trondheim.

– At vi av og til tørnar saman, det er ein del det av å ha forskjellige roller og synspunkt i saker, seier ordføraren.

Ho meiner dei har fått god trening i å vere jobbvenner samtidig som dei er ueinige politisk.

– Vanskeleg situasjon

Også Yngve Brox synest det er godt at dei to kan ha ein vanleg tone igjen.

– Situasjonen i førre veke var veldig tøff, det trur eg den var for alle her på huset, seier Brox.

– Kor flinke er de til å snakke saman når slikt skjer?

– Det er ikkje alltid så lurt å snakke saman med ein gong, når det er veldig «varmt». Men no er det godt å roe ned og få avklart ting, seier Ottervik.

– Førre veke var ei tøff utfordring for mange av oss, men no er vi einige om korleis vi skal løyse situasjonen, seier Ottervik.

Ingen ny rådmann

Førebels blir den ledige rådmannstillinga ikkje lyst ut i Trondheim. På formannskapsmøtet i dag vart det bestemt at det skal bli sett inn ein konstituert rådmann. Kven det blir, blir tidlegast avgjort i midten av august.

Kommunen skal behandle eit forslag om innføring av parlamentarisme i Trondheim, og rådmannstillinga vil endre seg dersom det blir vedteke.