Hopp til innhold

Renu tek julehandelen over grensa: – Eg sparer ein del tusen

Fleire reiser over grensa for å handle julematen. Trass auka prisar i Sverige, meiner fleire det framleis er kroner å spare.

Grensehandel

STORT UTVAL: Utvalet av godis på Eurocash Storlien er uimotståeleg for Renu Kristin Kvalfors og dottera.

Foto: Hannah Solberg-Wåtland / NRK

– Eg skal kjøpe kjøtt, ost og energidrikke som ungdommane er så glad i, smiler ho og nikkar mot sonen og dottera som er med på dagens grensehandel.

Renu Kristin Kvalfors tek buss frå Trondheim til Storlien for å handle inn det ho treng til jul.

Bussen ho reiser med køyrer til Fjellhandel kjøpesenter. Her kan passasjerane handle varer til svenske prisar i to timar før den returnerer til Trondheim.

Renu har ikkje bil, derfor er bussturen moglegheita hennar for å grensehandle.

– Eg kan jo ta kollektivtrafikken i Trondheim, men det er noko anna å komme seg litt ut på tur, fortel ho.

Renu Kristin Kvalfors

Renu set pris på kvalitetstid med familien på Sverige-tur.

Foto: Mirja Flodin / NRK

Grensehandel med kvalitetstid

Handlekorga blir fylt sakte, men sikkert opp med alt frå energidrikke til juleskinke.

Ho handlar for seg sjølv og dei fem barna sine, derfor blir det gjerne ein del varer når ho først er i gang.

Sjølv om det kostar ein 200-lapp for bussturen, meiner ho det framleis er kroner å spare på handlinga.

– Det blir ein del tusen, faktisk, seier ho.

Ho har teke med seg to av barna sine på handleturen, og påpeikar at turen ikkje er berre for å jage svenske prisar.

– Vi gjer det jo også fordi det er ein familietur, ikkje berre for innkjøpa.

Les også Nå er det færre kroner å spare på grensehandel

Handlebånd full av varer kvinne bak kasse i bakgrunnen

Kjøtt

Kjøtt er noko mange handlar med seg over grensa.

Foto: Hannah Solberg-Wåtland / NRK

Dei gamle tidene er over

Sjølv om turen sparer henne ein del, er ikkje grensehandel som før for Renu.

– Det er ikkje lenger så stor differanse mellom norske og svenske prisar som det var før. Då var det mykje meir å spare på turen til Sverige, seier Renu.

Frå oktober 2021 til 2022 auka prisane med 17,2 prosent i Sverige. I Noreg auka prisane frå november 2021 til november 2022 med 12,7 prosent.

Tidlegare har Renu teke meir impulsive handleturar til Storlien.

– No sparer vi saman litt i nokre månader før vi dreg og heller tek ein storhandel, seier ho.

Ser ein auke i talet på kundar

Markus Rølling har vore butikksjef på Eurocash Storlien det siste året. Med jula rett rundt hjørnet er det ingen tvil om at talet på kundar aukar.

Butikssjef Eurocash Storlien Markus Rølling

Markus Rølling er butikksjef på Eurocash Storlien.

Foto: Hannah Solberg-Wåtland / NRK

– I det siste har vi hatt stor pågang. Vi forventar mykje julemathandel dei neste vekene, seier han.

Han har vore i Eurocash sidan 2007, då på Svinesund. Då pandemien hende byrja han som medarbeidar på Storlien.

– Under pandemien var det stille i gangane. Tredje kvartal no har vi selt mykje meir enn vi gjorde før pandemien.

Han påpeikar at det berre er norske kundar i butikken, forutan dei få titals menneska som bur i Storlien.

– Vi får fleire og fleire kundar heile tida. Nesten dagleg treffar vi nye kundar.

Ida Myrvoll vandrar også langs butikkhyllene. Ho har teke turen heilt frå Møre og Romsdal for å grensehandle.

Fjellhandel senter på Storlien

Fjellhandel senter måtte utsetje opningsdagen då pandemien var eit faktum.

Foto: Mirja Flodin / NRK

– Akkurat no er jo prisane veldig mykje høgare i Noreg. Då kan det lønne seg å ta turen til Sverige.

Ho påpeikar at den lange reisa vil medføre kroner brukt på bompengar og drivstoff.

– I lengda så vil du jo spare noko på det i alle fall. Og så er det jo kjempetriveleg, seier ho.

Likevel har ho også lagt merke til at handelen ikkje er like billig som den pleidde i nabolandet.

– Før sløste ein litt meir når ein var på svenskehandel. No ser eg meir på prisane og samanliknar med norske, seier ho.

Buss på Storlien

Renu og familien trassar minusgradene for grensehandelen.

Foto: Hannah Solberg-Wåtland / NRK

Les også Stor pågang på grensehandel etter lettelser: – Ansatte er rørt

Grensehandel lørdag