Hopp til innhold

Frå havplast til hagemøblar

Norske oppdrettsanlegg spreier store mengder mikroplast i havet. Ei bedrift frå Steinkjer forsøker no å bruke havplasten til noko nyttig.

Noprec

OPPDRETTSPLAST: Oppdrettsmerder, som blir brukt til oppdrett av fisk, blir klipt opp, kverna og transportert til gjenvinning.

Foto: Noprec

CO₂ i atmosfæren
418,8 ppm
1,5-gradersmålet
+1,09 °C
Les mer  om klima

Ei undersøking Naturvernforbundet har utført viser at norske oppdrettsanlegg spreier store mengder mikroplast i havet. Eit grovt estimat viser ei årleg spreiing på over 300 tonn mikroplast frå plastrøyr brukt til fôring av fisk.

I bygda Sparbu utanfor Steinkjer lagar bedrifta Circumar hagemøblar av 100 % resirkulert havplast. Målet er å redusere dei store mengdene plastavfall som havbruksnæringa skaper.

– Vi er inne i eit grønt skifte. Det blir meir og meir fokus på resirkulert plast. Det har vi uavgrensa mengder av, seier styreleiar Kristian Solem Halsen.

Kvifor bruke resirkulert plast når ny plast er både billegare og betre?

– Produkt i ny plast får du ti gonger billegare i Kina enn vi klarer å produsere i Noreg, så det toget har gått.

Kristian Solem Halsen i Circumar

GJENBRUK: Stolen som Kristian Solem Halsen sit i er av oppdrettsmerdar frå eit oppdrettsanlegg. I sekkane bak står det granulat – resirkulert plast frå havet.

Foto: Circumar

Havbruksnæringane har 190.000 tonn plast i bruk. Mykje av dette kan brukast omatt, og det er nettopp det Steinkjerbedrifta har satsa på.

Styreleiaren fortel at dei har funne ein metode der dei tar all slags type plast både frå havet og hushaldningar og smeltar det om til nye produkt.

– Eg kjem frå kysten og har sett kor mykje forureining det er ute i havet. Om ein går ein tur i fjæra kunne ein sikkert ha plukka 20 bossekkar med plast berre på ein tur.

Møblar som kan resirkulerast

Det heile starta opp i april 2019. For å sikre seg tilstrekkeleg kunnskap om plast fekk dei bedrifta Noprec (Norwegian Plastic Recycling) med på laget, som har halde på med resirkulering av plast i fem år. Dei fekk tilgang på forskinga og kompetansen deira.

– Noprec var godt i gong med innsamling av havplast frå oppdrettsnæringa, så råstoff hadde vi rikeleg med tilgang på – fleire hundre tonn med plast frå havet, fortel Halsen.

Raskt fekk dei dessutan støtte frå Innovasjon Norge og Inn-Trøndelag regionalt fond. Bedrifta hadde eit ynskje om å få plasten opp frå fjæra og inn i varige produkt på land, som igjen kan resirkulerast på nytt.

Cirumar

MILJØGEVINST: Bedrifta har laga hagestolar av 100 % resirkulert havplast frå oppdrettsanlegg.

Foto: Illustrasjonsfoto / Circumar

– Produkta er laga av reine fraksjonar, det vil seie at det ikkje er blanda inn trefiber eller sand, slik det mellom anna er i terrassedekke laga av resirkulert plast. Då kan ein ikkje resirkulere det på nytt. Med vår metode kan ein bruke plasten 5-7 gonger omatt, forklarar Halsen.

– De har laga ein stol av 100 % resirkulert havplast. Kan du fortelje litt om den prosessen?

– Det har vore ein ganske lang prosess. Når vi ikkje blandar noko inn i plasten, hadde vi problem med smeltetemperaturar. Vi måtte rett og slett lære oss meir om plast, vedgår han.

Circumar

RESIRKULERING: Blomsterkasse av plast frå oppdrettsanlegg.

Foto: Circumar

Då hagestolen endeleg vart suksess resulterte det i ein heilt eigen serie med utemøblar og blomsterkassar.

Bellona: – Ei viktig nytenking

Kari Torp er seniorrådgjevar for havbruk i Bellona. Saman med miljøorganisasjonen har ho jobba med å finne ut kor plasten som hamnar i havet stammar frå. Dei har inngått eit samarbeid med oppdrettsgiganten Grieg Seafood Finnmark for å finne løysingar.

I eit tidlegare intervju med NRK sa ho følgjande:

– Vi ser frå strandryddingane at mykje av plastsøppelet som hamnar på avvege stammar frå marine kjelder, der også oppdrettsnæringa er ein stor aktør.

Kollegaen Sigurd Enge i Bellona legg vekt på kor viktig det er å redusere fotavtrykket av forbruket vårt.

Sigurd Enge

BELLONA: Sigurd Enge i Bellona rosar initiativet til Steinkjer-bedrifta.

Foto: Thomas Theis-Haugan

– Å bruke plast frå oppdrettsanlegg til å lage hagemøblar er nettopp den type nytenking vi treng. Det er viktig at vi veit korleis vi skal utnytte ressursane vi brukar for mykje av.

Enge meiner ein må tenkje litt utanfor boksen for å finne meir berekraftige løysingar.

– Det er stadig fleire oppdrettsanlegg som har tatt tak i dette no. Dei ser både på korleis dei sikrar at dei ikkje mistar tauverk i havet, kva materiale dei brukar og korleis dei gjenvinner dette etterpå.

Han legg til:

– Oppdrettsbransjen har motivasjon. Eg ser positivt på denne utviklinga, men vi er ikkje i mål, seier Enge.

Tilbake på Steinkjer ynskjer dei å jobbe vidare med produktutvikling og forsking på plast.

– Dette er framtida, så lenge ein ikkje finn på noko endå smartare å bruke plasten til, avsluttar Halsen.