NRK Meny
Normal

Meiner gjennomsnittsmålingar får folk til å halde fartsgrensa

Regjeringa vil evaluere ordninga, men Statens vegvesen og Politidirektoratet er ikkje i tvil: – Fotoboksar som målar gjennomsnittsfart er effektive.

Gjennomsnittsmåler

HINDRAR UJAMN KØYRING: Fotoboksar som målar gjennomsnittsfarten din gjer at du køyrer jamnare og held fartsgrensa.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

– Gjennomsnittsmålingar med fotoboksar er meir effektivt for å få jamnare fart og den farten me ynskjer på vegnettet.

Det seier Ruth Helen Myklebust i Statens vegvesen.

I Noreg byrja me med måling av gjennomsnittsfart med fotoboksar i 2009. Sidan då har talet på dei som blir tekne i fartskontroll gått ned.

I 2013 var det 2,5 gongar færre som braut fartsgrensa på strekningar med måling av gjennomsnittsfart enn det var på dei same strekningane i 2010.

Likevel har Vegdirektoratet no blitt bedt om å evaluere effekten av slike målingar. Oppdraget fekk dei av Samferdselsdepartementet etter regjeringsskiftet.

Unngår kengurukøyring

– Det er heilt klart meir effektivt med streknings-ATK (automatisk trafikkontroll).

Det fortel Jan Morgan Guttormsen i Politidirektoratet.

Automatisk trafikkontroll

VARSLING PÅKREVD: Du blir varsla med skilt før fotoboksane dukkar opp langs vegen.

Foto: Statens vegvesen

– Når me målar gjennomsnittsfart over ei strekke i staden for berre ved eitt punkt, unngår me at bilane bremsar ned ved boksane og så aukar farten igjen.

Fotoboksar blir gjerne sett opp på stader der det ofte skjer ulukker, og der det ei viss fartsgrense på strekninga før.

Gjennomsnittsmålingar er spesielt effektive på stader der det er vanskeleg å drive politikontroll. Til dømes i Helltunnelen mellom Trondheim og Værnes.

– Det er nettopp på slike vegstykkjer med stor trafikk me ikkje vil ha ulukker. Ulukker i tunnelar kan jo fort få store konsekvensar.

Dyre i drift

Men fotoboksar er kostbare både å setje opp og å drifte.

– Me har utstyr til ein halv million i kvar boks. I tillegg kjem kostnadane når boksen kjem i bruk.

Kvar gong nokon bryt fartsgrensa og blir knipsa av ein fotoboks, blir det oppretta ei sak. Den må politiet behandle, og det kostar jo òg pengar.

– Me vil jo helst at folk skal køyre pent utan å måtte bruke fotoboksar og slikt utstyr, men av og til er det naudsynt.

Video fra Trøndelag

Det er julebordstid, og uhell kan skje, skal vi tro tannlegene...
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.