
Bygging av luksusskipet "The World" ved Fosen Mekaniske Verksteder.
Kreditorane får tilbake nesten halvparten av det dei hadde tilgode, seier leiar i gjeldsnemnda, advokat Joar Grimsbu til NRK Trøndelag:
- Dei har fått ei enorm tilslutning frå kreditorane, heile 99,6 prosent av dei stremmerettkomne kreditorane har sagt ja til akkordforlaget, det er kun ei nei-stemme. Av det samla beløp nemleg 273 millionar kroner som gjev stemmerett, så har 94,5 prosent akseptert forslaget.

Joar Grimsbu
Har fått tillit
Grimsbu erklærer dermed verftet for friskmeldt, og meiner også akkordforslaget er betre for kreditorane enn ein konkurs, som ville vore alternativet.
Dei små kreditorane, dei som har mindre enn 50.000 kroner tilgode, får alt dei hadde meldt inn krav på. Dei større får omlag ein tredel. Og alle, så nær som ein stemte ja til forslaget. I følgje Grimsbu tyder det på at dei har tillit til at verftet skal vere betalingsdyktig også ved oppdrag i framtida:
- Det er eit verkeleg klapp på skuldra til Anna Synnøve Bye og Fosen Mekaniske Verksteder som har fått tillit blant leverandørar og andre kreditorar. Fosen Mek. har også gitt det som var mogleg å gi då akkordforlaget blei presentert i desember, seier Grimsbu.