Forsvaret betalar – men meiner dei ikkje har noko skuld i at hesten vart skadd

– Flyging kan medføre ein viss risiko, og i nokre tilfelle kan ei flyging gje skadar, seier Forsvaret.

Dressurhesten Sandina Gold og hesteiger Turid Buvik.

SKADD: Hesteeigar Turid Buvik og hesten hennar Sandina Gold. Hesten fekk varige skadar då eit jagarfly flaug lågt over ho i fjor.

Foto: Bjørn Alexander Olsen / NRK

Dressurhesten Sandina Gold fekk varige skadar då eit jagarfly flaug lågt over innhegninga hennar i Leinstrand utanfor Trondheim i fjor sommar.

Forsvaret har betalt erstatning for skaden.

Major Stian Roen, talsmann i Luftforsvaret, seier at erstatningspengane ikkje betyr at Forsvaret har noko skuld i saka.

– Sjølv om forsvaret no har utbetalt ei erstatning i denne saka, så betyr ikkje det at vi seier at vi har skuld i saka. Det er viktig å understreke, seier han.

Meiner flyginga var lovleg

Forsvaret har konkludert med at lågtflyginga var innanfor reglane.

– Flyging kan medføre ein viss risiko, og i nokre tilfelle kan ei flyging gje skadar, seier Stian Roen.

– Det vil alltid vere sånn at ein prøver å ta så mykje omsyn som mogleg med tanke på kor ein flyr, også ved lågtflyging, men det er viktig for oss å trene på dei ulike aspekta ved flyging, utdjupar han.

Får de ofte slike skademeldingar ved lågtflyging?

– Eg vil ikkje seie at det skjer veldig ofte, men dei sakene vi får inn vert behandla, og i nokre tilfelle så vert det gjeve erstatning, svarar Roen.

Forsvaret seier dei no er ferdig med saka.

– Erstatninga er utbetalt, vi reknar oss som ferdig med saka, seier Roen.

HALT: Hesten sturar, slit med å ete og vil aldri slutte å halte. Den er no heilt avhengig av spesialsko frå Nederland, fortel Turid Buvik.

HALT: Hesten sturar, slit med å ete og vil aldri slutte å halte. Den er no heilt avhengig av spesialsko frå Nederland, fortel Turid Buvik.

Foto: Bjørn Alexander Olsen / NRK

Mykje flytrafikk i området der hesten vart skadd

– Mine hestar er godt vande til ulik flytrafikk. Vi har både kampflybase og ambulansehelikopterstasjon i området, seier hesteeigar Turid Buvik om hendinga.

Ho kallar overflyginga ekstraordinær.

– Eg har drive denne stallen i over 11 år. Trass i fleire store militærøvingar og jagarflytrening i området, har eg aldri opplevd noko liknande utanom lågtflyging ved flyshow, seier Buvik.

Tonje Lundqvist og hesten hennar.

VITNE: – Alle hestane sprang, og min stod på to bein. Dette var ikkje vanleg. Det passerer jagarfly over her heile tida, men dette flaug lågt. Det var rett over stalltaket. Eg såg bokstavane på flyet, seier Tonje Lundqvist som var vitne til overflyginga som førte til at Sandina Gold vart skadd.

Foto: Bjørn Alexander Olsen / NRK

– Veldig bittert økonomisk

Forsvaret betalte ei erstatning på over 100.000 kroner til Turid Buvik som følgje av hendinga i fjor sommar. Det er rundt halvparten av det dressurhesten var verdt før den vart skadd, ifølgje hesteeigaren.

– Eg er veldig lei meg både fordi eg ikkje får tak i ein slik hest igjen, og fordi det er ein veldig snill og søt hest. Det er også veldig bittert økonomisk, seier Buvik.

Ein hest av Sandina sitt kaliber er vanskeleg å få tak i fortel ho.

– Eg fekk tak i ho utanom den opne marknaden. Gjennom ei god kontakt i miljøet, Louise Amlund Løkken, som har vunne NM fire gongar, tre av dei på broren til Sandina.

Til vanleg har ho to konkurransehestar. Erstatninga ho fekk frå forsvaret er ikkje nok til å kjøpe seg ein erstattar, ifølgje Buvik.

– Det betyr at eg, som ikkje er nokon rik person, må kjøpe to føl som ligg i prisklassen rundt 150.000 kroner per stykk.

Vurderer å avlive hesten

Framtida til Sandina Gold er høgt usikker. Hesten sturar, slit med å ete og vil aldri slutte å halte. Den er no heilt avhengig av spesialsko frå Nederland.

Konkurransehesten har betydeleg meir nerve enn ein vanleg hest, som gjer at den krev meir kompetanse av dei som handterer ho.

Buvik vurderer å avlive hesten.

– Sandina treng å bevege seg for å ha det bra. Hesten kan ikkje bli ridd av kven som helst, og har det rett og slett ikkje godt når den ikkje får bevege seg som den naturleg vil, seier Buvik.

Siste fra Trøndelag

Grete Thobroe, programleder Midtnytt

Grete Thobroe gir deg kveldens Midtnytt

Grete Thobroe gir deg kveldens Midtnytt