Hopp til innhold

Første kvinnelege kommandant ved Kristiansten festning: – På tide

Historisk salutt i Trondheim. – Ei stor ære, sa den nyutnemnde kommandanten under fredagens høgtidelege seremoni.

Marianne Døhl, oberst og kommandant, Kristiansten festning

NY KOMMANDANT: – For meg er det ikkje så viktig å vere den første kvinna, så lenge eg ikkje blir den siste, seier Marianne Døhl, ny kommandant ved Kristiansten festning i Trondheim.

Foto: Grete Thobroe / NRK

– Det var på tide, det må eg seie. Eg håpar eg kan inspirere litt. Det er ikkje berre menn som kan sjå flotte ut i uniform, seier Marianne Døhl.

For første gong i historia har Kristiansten festning i Trondheim fått ein kvinneleg kommandant. Det var duka for høgtideleg seremoni fredag føremiddag.

Ni skot frå kanonane til ære for den nye kommandanten. Stillinga inneber at ho også er oberst og sjef for Luftkrigsskolen i Trondheim.

– Det er første gong eg blir saluttert. Det er kult. Alvoret kjem krypande. Det er det einaste eg har snakka om heilt sidan eg fekk jobben, seier ho og ler.

Varaordførar Mona Berger (SV) synest det var stas å vere til stades under seremonien.

– Eg vart litt rørt, faktisk. Det er verkeleg på tide med ein kvinneleg kommandant.

Den nye kommandanten på Kristiansten festning vil gjerne inspirere.

FØREBILETE: Den nye kommandanten på Kristiansten festning vil gjerne inspirere.

Lys framtid for kvinner i Forsvaret

Ein kommandant er den øvste militære leiaren ved ei festning.

Kristiansten festning vart bygd på 1680-talet etter Trondheim sin store bybrann.

Gjennom landemerkets over 300 år lange historie, har det ikkje vore ein einaste kvinneleg kommandant – før no. Ein historisk dag.

– For meg betyr det ære. Eg får lov til å vere med på å ta vare på historia som finst på festningen. Eg får vere Forsvaret si stemme i seremoniar – både i sorg og glede, fortel Døhl.

Applaus for ny kommandant ved Kristiansten festning

APPLAUS: Varaordførar Mona Berger (SV) og kollegaer av kommandanten frå Forsvaret applauderer under fredagens seremoni ved Kristiansten festning.

Foto: Grete Thobroe / NRK

Den uniformskledde forsamlinga under seremonien var mannsdominert. Men i dag retta alle blikket mot Døhl.

– For meg er det ikkje så viktig å vere den første kvinna, så lenge eg ikkje blir den siste, seier den nye kommandanten.

Aldri før har Forsvaret fått så mange kvinnelege rekruttar som i år.

Av dei 1081 nye rekruttane til sjø- og luftforsvaret, er 46 prosent kvinner. Og i luftforsvaret aleine er det 60 prosent kvinnelege rekruttar. Det er ny rekord for Forsvaret.

– Det kjem mange kvinner etter meg. Framtida er lys for kvinner i Forsvaret. Vi har moglegheitene, vi må berre våge å ta dei, fastslår ho.

Seremoni ved Kristiansten festning i Trondheim

HØGTIDELEG: Marianne Døhl er ny kommandant ved Kristiansten festning. Her saman med Arne Opperud, brigader og kommandant ved Akershus festning.

Foto: Grete Thobroe / NRK

– Kommandanten må føle seg komfortabel

Arne Opperud leia fredagens seremoni. Han er brigader og kommandant ved Akershus festning. Opperud har berre lovord om den nye kommandanten i Trondheim.

– Ho har ein veldig flott bakgrunn. Ein flink og dyktig offiser, seier han.

Opperud fortel at rolla som kommandant i stor grad handlar om å delta i mange seremoniar og markeringar.

– Då må det vere profesjonalitet, høg kvalitet og presisjon.

Han kjem med eit godt tips:

– Alle gjestene skal føle seg vel, og då må ein slappe av sjølv. Kommandanten må føle seg komfortabel. Då blir det god stemning. Dersom kommandanten har høge skuldrer, blir det stivt, avsluttar han.